Sniktitt

Full Auto 2: Battlelines

Villmannskøyring og store eksplosjonar er nøkkelorda for den neste utgåva av Full Auto.

Blanke bilar, store eksplosjonar og høgt tempo er ikkje akkurat eit nytt konsept for dei som har vore borti eit spel eller to. Spel som Destruction Derby, og i nyare tid Burnout, har vist at det gjerne er meir moro å øydelegge bilar, enn det er å faktisk køyre dei. Eg seier ikkje med det at du ikkje har det moro når du køyrer ein bil i Burnout, men for mange lokkar nok store saftige eksplosjonar og kaoset som følgjer i vel så stor grad som køyringa i seg sjølv.

Full Auto 2: Battlelines er ei naturleg utvikling av Full Auto til Xbox 360 som blei forbigått i relativ stillheit for om lag eit år sidan. No har Pseudo Interactive skifta plattform, gitt spelet litt ny lakk, og håpar vel at det skal gå litt betre på Sony si nye kraftpakke.

I enkle trekk er Full Auto 2 eit spel hvor du får forskjellige oppdrag, og brukar bilen din som våpen. Du køyrer rundt og skyt ned andre bilar med våpen du kan montere på kjerra di. Desse våpena er alt frå mitraljøser til armerte plogar du kan bruke for å pløye ned motstandarane med, og det fungerar som ein kan vente. Det er ingen mangel på eksplosjonar og røyk i lufta, og ein må innrømme at det ser riktig så pent ut. Fysikken i spelet, og kvaliteten på spesielt eksplosjonane i spelet, skapar noko som gjer spelet til ei fryd å sjå i hektiske situasjonar.

Ein siste finpuss

Mellom oppdrag kan du ta turen til garasja. Her kan du velja kva bli du vil bruke for neste oppdrag, justere lakken litt, og finjustere kva våpen du skal montere på. Garasja er ein stad du ofte vil returnere til. Å velje rett bil for eit oppdrag er ikkje alltid like lett på første forsøk, ei heller våpen. Banene sender deg til dømes ut på møkkakøyring langs gatene, der du ikkje viser noko slags form for respekt for arkitektane som har slite seg gjennom lange netter for å få byen til å sjå fin ut. Eventuelt kan du ende opp på baner som mest minnar om arenaer, der du ofte køyrer rundt i ring på jakt etter fiendane dine.

Etter kvart som du fullfører forskjellige løp får du medaljar, noko som lar deg låse opp nye ting til bilane dine, pluss at du får ei større samling med bilar. Denne gong kan du montere våpen som du vil på bilen din, enten du ynskjer det foran eller bak. Dette gjer det lettvindt å finne samansetningar som passar din eigen smak. Noko som trekk litt ned akkurat her er tempoet du får nye våpen i. Fiendane blir gjerne fleire og vanskelegare etter kvart, men å få nye våpen å knuse dei med tek ikkje fult så kort tid. Aggresjonen vaknar sakte men sikkert i det du ser fienden stadig bruke kraftigare våpen du ikkje har tilgong på.

Slik sett kan Full Auto 2: Battlelines raskt bli eit repetivt og einformig spel. Det tek lang tid før du får nye våpen det er verd å skrive heim om, og du endar opp med å bruke dei du har så ofte at spenninga forsvinn. Større og kraftigare fiendar ber om større våpen. Forhåpentlegvis forbetrar dette seg utover i spelet, men eg kunne ikkje unngå å rynke på nasa over dei våpena eg gradvis fekk tak i etter kvart som eg fullførte eit oppdrag.

Tilbake i tid

I Full Auto blei vi introdusert for "unwreck", noko som i god Prince of Persia-stil lot deg spole tida tilbake om du skulle være så uheldig og krasje bilen. Denne delen av spelet har blitt nedtona litt, slik at du ikkje kan kome deg ut av alle situasjonar på denne måten. Du kan ikkje lengre spole tida tilbake fullt så ofte, noko som gjer opplevinga meir intens, og byr på større utfordring. Litt teft for bilkøyring må du ha om du skal ta fienden, og få tilgong på bilen hans for seinare løp.

Om du skulle være så uheldig å ende opp med eit skrapjern etter nokre minutt i ringen, finn du til ditt store hell og lukke fleire skiftenyklar på banene, som reparerar bilen din på eit blunk. I tillegg dukkar desse opp igjen etter ei stund, så du kan alltids kome tilbake seinare. Det er uansett ikkje noko som gjer spelet for lett, for vanskelegheitsgrada er absolutt til stade, og balansen mellom ein rask reparasjon og å bli blåst til filler i siste sekund er velgjord.

Konklusjon

Les også
Livet går videre uten Snake

Full Auto 2: Battlelines ser ut til å kunne bli ein verdig oppfølgjar til Full Auto som bygger vidare og forbetrar originalen på alle punkt. Spelet er penare, skitnare i stilen, og gir deg større friheit til å armere bilane som du vil. Med eit solid utval av bilar i alle former, og eit våpenarsenal som i følgje utviklaren byr på alt frå hagler til laservåpen, er det ingen grunn til å tvile på at dette kan bli god underhaldning. Fleirspelardelen skal også være forbetra, noko som burde by mange artige timar når spelet kjem til våre breddegrader i vår.

Siste fra forsiden