Futuristisk action frå Gamecock

Utviklarane bak Kohan og F.E.A.R. Extraction Point tek i bruk Unreal 3-motoren i nytt spel.

Section 8 er sender deg inn i ei framtid i krig. Som ein del av ei gruppe topptrente soldatar som går under namnet Section 8. I kraftige rustningar blir desse soldatane sendt til frontlinjene i den krigsherja verda.

Trailer: Section 8

Vis større

Trailer: Section 8

Stikkord:
  • spill


TimeGate Studios – som blant anna skapte Kohan-serien og F.E.A.R. Extraction Point – står for utviklinga, og dei har lisensert Unreal 3-motoren til Epic. I følgje TimeGate Studios' president, Adel Chaveleh, vil Section 8 bli selskapets mest ambisiøse tittel så langt.

Spelet vil bli utgjeve av Gamecock, eit selskap som blei danna av veteranar i bransjen som meiner det er for stor fokus på lisensar og etablerte seriar blant andre selskap. Dei vil i staden satse på nye og originale spel frå uavhengige utviklarar.

Section 8 er planlagt for utgjeving på Xbox 360, PlayStation 3 og PC i 2009.

Siste fra forsiden