Game Boy Advance-spel på veg til Wii U

Strategiklassikar blir første spel ut.

Virtual Console-tenesta til Nintendo har sidan lanseringa på Wii vore ein populær marknadsplass for spelarar interesserte i gamle spel frå tidlegare generasjonar. På Wii fekk vi etter kvart bla i eit stort utval spel frå tidlegare Nintendo-konsollar, så vel som Sega-konsollar og andre maskiner.

På Wii U har det gått hakket tregare. Virtual Console blei ikkje lansert på konsollen før i fjor vår, og utvalet er enno noko spinkelt. Mykje tyder derimot på at ting er i ferd med å skje, sidan Nintendo tidlegare i år avslørte at dei vil lansere DS-spel på Wii U via Virtual Console.

I dag har enda ein portabel Nintendo-konsoll fått inntog på Wii U. I ei Twitter-melding har Nintendo fortalt at den taktiske Game Boy Advance-klassikaren Advance Wars vil kome til Virtual Console på Wii U neste veke. Nærare bestemt 2. april.

Turbasert taktikk

Krigføring i Advance Wars.

Advance Wars-serien blir utvikla av Intelligent Systems, og har sett ei rekk spel opp gjennom åra. I spela flyttar du soldatgrupper over eit rutenett, før du går i kamp og skjermbiletet endrar seg til å vise dei to gruppene mot kvarandre.

Det heile er som ein moderne og høgtenkologisk versjon av Fire Emblem-serien, som nok er betre kjent for mange. Den serien fekk eit nytt kapittel i Fire Emblem: Awakening på 3DS i fjor. Det falt i god smak hos vår meldar som meinte det var som skapt for den portable konsollen.

Siste fra forsiden