– Garrett blir meir mainstream

Eidos vil bringe Thief til eit moderne konsollpublikum.

Nyleg fekk vi dei aller første detaljane om det nye Thief-spelet frå Eidos Montreal og Square Enix. Som venta frå serien blir det definitivt mørkt og dystert, og den svartekledde meistertjvuen Garrett er lett å kjenne igjen. Å hente fram ein gammal helt for eit nytt publikum byr derimot på sine utfordringar, noko Thief-regissør Nicolas Cantin har snakka med Game Informer om:

«Vi stod veldig fritt til å gjere det vi ville, men vi ville halde på Garretts DNA. Vi ville ikkje endre det mykje, for det fungerte allereie, men vi vil huke tak i det moderne konsollpublikumet. Det blir meir action for Garrett, og vi ville kostymet hans skulle reflektere dette.»

I byrjinga av utviklingsprosessen var Garretts design svært inspirert av gothkulturen, og han hadde blant anna svarte negler. Dei gotiske elementa har utviklarane derimot tona ned:

«Vi ville gjere han hakket meir mainstream. Han er ein mørk karakter, men vi ville ikkje kalle han gotisk, sjølv om den viktorianske tida kan framstå veldig gotisk."

Thief blir ikkje det første spelet frå Nicolas Cantin som byr på ein kappekledd hovudperson med hetta trekt ned over auga. Tidlegare har Cantin vore med på å designe Altaïr som var hovudpersonen i det første Assassin’s Creed-spelet. Det var mange fellestrekk under designprosessen til desse to figurane:

«Begge er karakterar som kan framstå som mystiske, og vi måtte gjere dei meir actionorienterte. Garrett må skilje seg ut i mengda, men han må òg kunne stå side om side med alle dei andre heltane på marknaden.

Les også: Fans har oppdatert Thief II og System Shock 2 Les også: Anmeldelse: Dishonored

Siste fra forsiden