Gearbox takka nei til Call of Duty

Verdas største skytespelsuksess blei ikkje utfordrande nok for Borderlands-studioet.

Gearbox Software har i løpet av dei siste åra for alvvor bygd opp eit namn for seg sjølve. Dei har funne solid popularitet over fleire år med Brothers in Arms-serien, men det var først med Borderlands frå 2009 at studioet verkeleg fekk merksemd frå den gemene hop. Med fjorårets Borderlands 2 og det komande Aliens: Colonial Marines ser det heller ikkje ut til at Gearbox har planar om å slappe av.

Ting kunne derimot ha sett veldig annleis ut for Gearbox om dei hadde takka ja til eit tilbod frå Activision om å utvikle eit spel i Call of Duty-serien, noko Gearbox-president Randy Pitchford ikkje var særleg gira på:

«Eg såg berre ikkje kva vi kunne oppnå. For meg er det to scenario som kan få eit Gearbox-prosjekt til å gi meining.» fortel han til tyske Krawallvia IGN, og held fram:

«For det første må det vere eit spel som ikkje hadde eksistert utan oss. For det andre må vi kunne tilby noko heilt nytt til ei eksisterande merkevare. Eit unikt perspektiv frå starten av.»

«Om du vil gi folk det Call of Duty-spelet dei vil ha må du følgje spelereglane. Du må gjere det som blir forventa av eit Call of Duty-spel. Eg ser ikkje på det som ei utfordring for oss. Det ville ikkje ha bygd opp ryktet vårt, og hadde eigentleg ikkje vore motiverande for oss heller.»

Kunne du tenkt deg å sjå et Call of Duty-spel utvikla av Gearbox?

Les også: Anmeldelse: Medal of Honor: Warfighter Les også: Anmeldelse: Call of Duty: Black Ops: Declassified

Siste fra forsiden