Gears of War blir pussa opp for Xbox One

Har vi ei oppdatert Gears of War-samling i vente?

Ei oppussa utgåve av det første Gears of War-spelet er under utvikling for Xbox One. Fleire kjelder har kontakta nettsidene Polygon og Kotaku der dei har fortalt at dei har fått tilgang til ein testversjon av Xbox One-versjonen av Xbox 360-skytespelet. Bilete frå testversjonen har òg blitt vist. Testversjonen er utelukkande fokusert på ulike fleirspelarmodusar.

Den nye versjonen skal by på betre lyseffekter og teksturkvalitet, og skal i tillegg køyre med 60 bilete i sekundet.

Det skal vere Brink-studioet Splash Damage som står bak oppusinga av Gears of War, medan animasjonsstudioet Plastic Wax lagar nye filmsekvensar.

Eitt eller fleire spel?

Marcus Fenix gjer seg klar for eit gjensyn.
Marcus Fenix gjer seg klar for eit gjensyn.

Heilt sidan Microsoft kjøpte Gears of War-serien frå Epic Games har mange spekulert i om Microsoft kunne ha planar om å pusse opp serien på same vis som blei gjort med Halo og The Master Chief CollectionGears of War-sjef Rod Fergusson nekta derimot for dette ved å seie ei Gears of War-samling ikkje var på veg. NO ser det likevel ut til at i det minste eitt av dei eldre Gears of War-spela er på veg.

Neste år er det ti år sidan Gears of War blei lansert på Xbox 360. Spelet fekk svært god mottaking både hos oss og frå spelarar verda over, og imponerte stort med sin fantastiske grafikk og hektiske gameplay. Spelet har i åra etter lansering hatt stor innverknad på andre skytespel, og kan i stor grad ta på seg æra for å ha popularisert dekningsbaserte skytespel.

 

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen