Sniktitt

Gears of War

Eit av dei verkeleg store spela til Xbox 360 kjem frå Epic Games, og set deg inn i ei mørk og futuristisk verd.

Du har kanskje høyrt om Gears of War. Det store, nye action-spelet som tydelegvis er like viktig for Microsoft som det Halo-serien er. Gears of War viser stolt fram Unreal 3-motoren, og fungerar som ei smellvakker utstillingsdokke der det ber deg opp til dans. Gears of War er vakkert. Det er dystert, grumsete og på mange måtar stygt, men likevel vakkert. Den skamslåtte verda du befinn deg i er herja av krig, og det er er lett å sjå at den invaderande Locust-hæra ikkje akkurat har vore snille med omgivnadane sine.

Noko historieforteljing skal vi ikkje gå inn på her. For historia er ikkje det vi har fått sjå noko av når vi for første gong kunne setje oss ned med kontrollaren mellom fingrane, og endeleg få eigne inntrykk av kva Gears of War har å by på.

I eit av dei største konferanseromma på Microsoft sin Xbox-stand blei seksten journalistar invitert inn for å ganske enkelt lage kjøtdeig av kvarandre. Vi blei plassert ved kvart vårt runde bord der maskinene var satt opp i ein ring. Vi fekk prøve ut korleis det er å spele fire mot fire i dette spelet som lenge har påstått å gjere ein del ting annarleis.

Vår konferansier for dagen starta det heile med å informere om ein del vesentlege funksjonar på kontrollaren. Til dømes skyt du ustødig om du berre fyrer laus, men ved å halde inne venstre avtrekkar, vil du få opp eit sikte, og svermen av kuler blir meir konsentrert.

Ein nesten enda viktigare funksjon er alt det gode med A-knappen. Denne knappen er kontekst-sensitiv, og kan brukast forskjellig i mange ulike situasjonar. Til dømes vil du kaste deg framover om du trykker A medan du spring. Du kan også kaste deg til sida, avhengig av kva retning du pressar analogstikka, eller gå i dekning ved å trykke på A i nærheita av til dømes ein vegg eller ein bil. Det er ikkje som i Perfect Dark Zero der det å ta dekning kan framstå som noko kronglete og tungvindt. I Gears of War fungerar det umiddelbart, og det er lett å kaste seg fram og tilbake mellom veggar, og det du måtte finne av ly.

Taktisk action

Epic har beskrive skytinga i Gears of War som "stop and pop". Du gøymer deg bak noko, ventar på riktig våpen og slenger fram våpenet medan du fyrer av nokre saftige salver. Du skjønar veldig kjapt at det er slik du må gjere det om du vil overleve. Brettet vi fekk teste var bygd opp på ein måte som inviterte til å skjule seg bak ting, skyte, og gøyme seg igjen.

Det er ein anna egenskap som umiddelbart kan framstå som ein gimmick, men som raskt viser seg å være svært nyttig. Ved å halde inne A vil du springe raskt framover, og det ser ganske så barskt ut der kameraet skiftar til froskeperspektiv. Det praktiske med denne funksjonen er at du lettare kan unngå kuler, sidan du blir vanskelegare å treffe. Om du skulle hamne i nærkamp med ein fiende, kan du dele han i to med ei motorsag festa på våpenet ditt.

I Gears of War er det veldig viktig å stå saman med laget ditt. Om du hamnar på eit lag med folk som framleis trur det er barskt og tøft å springe mot fienden heilt aleine, har du ein god grunn til å bli sint. Fleirspelar i Gears of War handlar om samarbeid. Det handlar om hjelpe kvarandre gjennom situasjonar som måtte oppstå. Om nokon blir hardt skada og satt ut av spel, kan du få dei tilbake ved å springe bort til dei. Er du aleine, kan ingen redde deg.

Gears of War har lenge vore presentert som ei grafisk perle. Å endeleg få prøve ut funksjonane vi har høyrt så mykje om, får spelet til å framstå enda betre. Det er god flyt i spelet, det er annarleis enn det du er vand med, og det er veldig engasjerande. Sjølv om vår tid med spelet var relativt kort, gav det definitivt meirsmak.

Siste fra forsiden