Førsteinntrykk

Gears of War

Om ein skal døme etter dei første timane i denne svarte og skitne verda har du all grunn til å glede deg. Det er så håplaust og hardt at Redd Menig Ryan ser ut som speidarleir. Dette er den harde verda, der menn er menn, har biceps på størrelse med fotballar, og ikkje har eit einaste fint ord i repertoaret. Det er ei verd så hard og brutal at du nesten berre må le der du stikk våpenet ditt fram rundt eit hjørne, berre for å sjå ein skalle eksplodere i blod og bitar av svidd kjøt.

Vakkert, ikkje sant? Gears of War er vakkert. Du har nok sett bilda og tenkt at dette ser pent ut. Det dumme med bilder og små videosnuttar på nettet er at dei aldri kan gi eit skikkeleg bilete av korleis nokon ser ut i aksjon. Men foreløpig er det ingen grunn til engestelse. Gears of War ser betre ut.

Å stå midt i ein by - rasert av krig gjennom fleire år - og kike oppover på dei enorme bygningane som strekker seg over deg, kan gi eit saleg hakeslepp. Det er fordømt vakkert, og det gjer berre ironien av kor skittent og dystert spelet enda tydelegare.

Ei gal verd

Hovudpersonane i spelet er bitre og harde. Dei seier ikkje noko med mindre dei må, og når dei først åpnar kjeften kjem det sjeldan noko fint ut. Nokre vil kanskje reagere på språket til tider. No skal ikkje eg leike ekspert, men eg tvilar sterkt på at soldatar i krig har for vane å spørre fienden pent om å legge ned våpena. Om det likevel skulle bli for sterk kost kan du tone ned både språk og grafisk blod litt, men det er noko som eigentleg berre degenererar spelet. Dette er ei svært lite gjestmild værd, og at du kan høyre dette på folk fell heilt naturleg. Det må og seiast at det kjem ein del saftige gullkorn frå desse karane.

Du innser umiddelbart at dette ikkje er ditt standardiserte skytespel. Spelet har ein særeigen stil du blir nødt til å setje deg inn i om du vil overleve. Døden skjer fort, og gjerne fordi du var uforsiktig. Gears of War innfører eit konsept som heiter ”stop and pop”. Dette går enkelt og greit ut på at du gøymer deg bak noko før du fyrer laus på fienden. For å kome i dekning kan du gøyme deg bak alt som ser brukbart ut. Om det er ein kommode eller ei vegsperring spelar inga rolle. Det er i midlertid ikkje alt som gir like god dekning. Ei smal søyle gir kanskje ly frå ein retning, men du er sårbar frå mange andre.

Som leik i sandkassa

Sjølv om Gears of War køyrer sin eigen stil, er det nesten litt oppsiktsvekkande kor raskt ein kjem inn i det. Det tek ikkje lange tida før du er midt ut i det svartaste helvete, men du veit omtrent instinktivt korleis du skal gå fram. Heile spelet blir forklart til deg på ein så rask og lettvindt måte at du ikkje ein gong merkar at det skjer.

Dette tyder eigentleg kun på ein ting. Kontrollane i Gears of War sit som støpt, og alt ligg der det fell naturleg for deg å trykke. Alt frå enkle ting som å lade om våpenet, til å springe mellom gøymestadar går som ein leik, og det er det og. Gears of War er ein leik. Det er ein blodig og makaber ein, men det er likevel vanskeleg å tørke av seg det fårete gliset ein sit igjen med etter berre få minutt. Det er kombinasjonen av den intense krigføringa – der du spring side om side med opp til tre andre like dødelige menn – og den overveldande utsikta som verkeleg får Gears of War til å skilje seg ut.

Det som sannsynlegvis kjem til å bli det aller viktigaste i Gears of War er fleirspelarmodusen. Før lansering er det skralt med folk å spele mot, men litt mann mot mann eller samarbeid kan raskt gjere skjorten full av sikkel. Når du spelar kooperativt kan ein ven hoppe inn når som helst. Dette kan du gjere både lokalt og over Xbox Live. Dette ser ut til kunne bli eit av dei definitivt største spela på Xbox Live. Akkurat den siste biten kjem vi tilbake til i vår anmeldelse nærmere lansering.

Konklusjon

Gears of War ser ut til å bli atter ein stortittel som held det vi blir lova. Om det finnest eit ord som beskriv best det inntrykket nokre timar kan gi oss, så er det glede. Rein og skjær glede over å få ta del i noko som er så gjennomført fabelaktig at ein berre vil tilbake og få meir. Det er vanskeleg å finne noko som helst å setje fingeren på. Dei forskjellige områda du skyt deg gjennom er varierte i både oppbygging og stil, og du får oppleve alt frå å trå forsiktig, til å angripe beist med motorsag. Du kan ikkje be om stort meir når høsten set inn, og blødtørsten våknar.

Kommentarer (24)

Forsiden akkurat nå

Til toppen