Førsteinntrykk

Genji: Days of the Blade

No er det snart tid for sverd, samuraiar og våpenskifte i sanntid.

Genji: Days of the Blade er det vi med få ord kan kalle ein Onimusha-kopi. Det er nesten heilt likt på alle område, men der Onimusha til tider er knakande bra, overbeviser ikkje Genji i like stor grad. Du befinn deg i eit middelaldrande Japan, og må bruke fire utvalte krigarar for å redde verda frå ein mørk og dyster skjebne.

Genji: Days of the Blade har ganske ufrivillig blitt putta i gapestokken sidan E3 i fjor. Der fekk vi høyre om den fantastiske teknologien som lar deg skifte våpen i sanntid, og dette har Sony blitt mobba for ganske kraftig i ettertid. Ikkje så rart eigentleg. Du kan skifte våpen i sanntid i Genji, men kva så? Ved eit knappetrykk skiftar du umiddelbart til eit anna våpen, men kva som skal imponere er vanskeleg å sjå. Er det er mangelen på animasjon som viser at du skiftar våpen? Eller det at helten din brått står med eit anna våpen i henda? Debatten skal nokon andre få ta.

Eit noko viktigare aspekt ved Genji er nok at du kan skifte karakter når du vil. Om du er i ein kamp og innser at ting går litt dårleg, kan det være ein god idè å skifte karakter, sidan alle karakterane er veldig forskjellige. Du har den store kjempa som er frykteleg treg, men slår hardt, og du har den rake motsetninga. Fellse for dei fire karakterane er at alle har sine bruksområde. Dei er svake på noko, og sterke på noko anna.

Eit spel å setje seg inn i

i felle det er lett å gå i når ein spelar Genji - og som gjer spelet vanskelegare - er å tru at dette er eit typisk hamrespel. Med hamrespel meinar eg den gamle vanen visse spel trekk over deg, der du endar opp med å trykke på ein eller to knappar heile tida.

Kvar karakter har tre forskjellige angrep. Eit svakt, eit kraftig, og eit superangrep. Superangrepet varierar noko frå karakter til karakter. Til dømes kan ein av dei skyte framover med sverda først, og ein anna sparkar framfor seg. Desse angrepa kan også innlemnast i komboar, for å få kraftigare og meir dødbringande angrep.

I Genji er det viktig å bruke riktig angrep til riktig tid. Det er også svært viktig å bruke den høgre analogstikka. Denne styrer forskjellige akrobatiske hopp som let deg dukke unna slag og angrep. Ved å bruke analogstikka effektivt, blir spelet merkbart meir underhaldande. Det blir nesten som ein dans der du susar rundt fiendane og sender slag etter slag deira veg. Om du derimot ikkje brukar analogstikka, vil du merka at det gang på gang er du som får slag mot deg, og ikkje omvendt. Slik sett vil det nok variere stort kva du får ut av Genji. Om du brukar analogstikka vil du tidvis kunne ha det skikkeleg moro, om du ikkje set deg inn i den, vil du nok raskt gå lei.

Noko av det mest underhaldande med Genji er spesialangrepa du får utføre når du har drept nok fiendar. Er du omringa og i dårleg forfatning, kan dette redde dagen din meir enn ein gong. Både du og fiendane dine blir sendt til det som ser ut til ein parallell dinemsjon, der du ved å trykke på riktig knapp til riktig tid, vil kunne ta knekken på det meste som står i vegen for deg. Små rytmespell har vel aldri skada nokon, ei heller Genji.

Kamerasyndromet

Dessverre har Genji eit problem som alt for mange spel i denne sjangeren slit med. Eg snakkar sjølvsagt om håplaus kameravinkling. Om du er i kamp mot ein eller to fiendar, eller befinn deg i eit område der fiendane kun kjem frå ein retning, vil du ikkje ha store problem. Når du er i eit område og fiendane kjem frå alle kantar, blir det andre bollar. Du har ikkje mykje kontroll over det, og du befinn deg ofte i det som berre kan kallast ein krig i blinde.

Genji: Days of the Blade er eit pent spel, men ikkje i den grad at du blir imponert. Genji var først påbegynt til PlayStation 2, og dette er veldig synleg. Du finn visse flotte detaljar i spelet, men den generelle kjensla du sit igjen med er at det er akkurat det det er; eit nyoppussa PlayStation 2-spel. Når det er sagt har spelet god design, og flotte område, og heile spelet bader i stemningsfullt lys.

Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Genji: Days of the Blade har meir å by på enn våpenskifte i sanntid. Sannsynlegvis vil det frustrere vettet av dei som ikkje er glade i å kombinere angrep, men heller spring rett inn i kampane med heftige knappetrykk. Akkurat det fungerar dårleg her. Du kan klare deg, men frustrasjonen blir raskt stor. Om du derimot gir deg litt tid til å studere korleis spelet er oppbygd, vil du kunne finne mykje mor. Du vil likevel irritere deg over dårleg kameravinkling, og områda tvinger deg til å gå på skinner meir enn ein gong. Men om du likte det første spelet i serien, kjem du nok til å like dette og.

Siste fra forsiden