Geometry Wars er tilbake neste månad

Den geometriske galskapen går over i tre dimensjonar.

I August blei det klart at Bizarre Creations sin Geometry Wars-serie ville leve vidare. Det tredje spelet i serien ville få namnet Geometry Wars 3: Dimensions, og ville bryte seg laus frå dei to dimensjonane dei fargesprakande spela tidlegare har leika seg i. I staden ville spelet ta det fulle steget ut i tre dimensjonar, for å gjere kakofonien av fargar og eksplosjonar komplett.

I dag får vi vite via Activision sine nettsider nøyaktig når vi får sjansen til å spele Geometry Wars 3: Dimensions. Om du har PlayStation 3, PlayStation 4 eller PC, vil du kunne laste ned spelet frå og med 25. november. Dei med Xbox 360 eller Xbox One må vente til dagen etterpå.

Utvikla av Geomtry Wars-veteranar

Geometry Wars 3: Dimensions bryt seg fri frå to dimensjonar.
Geometry Wars 3: Dimensions bryt seg fri frå to dimensjonar.

Sjølv om Bizarre Creations som opphaveleg skapte Geometry Wars-serien ikkje lenger eksisterer, ser det ikkje ut til at vi treng uroe oss over kven som står ved roret denne gong. Activision har hyra inn Lucid Games, eit studio som blei oppretta av ei rekke tidlegare tilsette ved Bizarre Creations, og dei har såleis god erfaring med serien.

Om du ikkje heilt veit kva spela i Geometry Wars-serien handlar om, er konseptet såre enkelt. Sterkt inspirert av gode, gamle Asteroids, skal du navigere eit fly over eit rektangulært brett fullt av fiendtlege geometriske former. Målet er å plaffe ned alt du kan, og overleve så lenge som mogleg. Intensiteten stig etter kvart som tida går, og det heile blir raskt ganske eksplosivt. Oppfølgjaren Geometry Wars: Retro Evolved 2 innførte ei rekke nye modusar, deriblant fleirspelar for opp til fire spelarar.

Spela har så langt vore eksklusive for Xbox 360 og PC, med unntak av Geometry Wars: Galaxies som dukka opp på Wii og Nintendo DS, samt ein mobil variant. Geometry Wars 3: Dimensions blir altså første gong serien tek turen over til PlayStation.

Geometry Wars 3: Dimensions blir det første spelet Activision gjev ut under sitt nyleg gjennoppretta Sierra-studio.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen