Gigantic snur MOBA-sjangeren på hovudet

Starcrafts sjefsdesigner sitt neste spel erstattar basen din med massive beist.

Dei mange spela i den stadig like populære MOBA-sjangeren har som regel ein ting til felles; ein skjør base du må forsvare, koste kva det koste vil. Med Gigantic vil det noko ukjende utviklarstudioet Motiga innføre ei drastisk endring på denne formelen. I staden for ein base vil kvart lag ha eit gigantisk beist – derav namnet Gigantic – som blir med i kamp. Målet for kvart lag blir naturlegvis å felle dette beistet for å sikre sigeren.

Teamet som lagar spelet blir leia av James Phinney som var sjefsdesigner på Starcraft, før han seinare hoppar over til ArenaNet og jobba med Guild Wars-serien.

Actionfylte kampar

Gigantic blir eit svært fargerikt actionspel.

Gigantic er eit svært fargerikt spel som byr på ein tredjepersons synsvinkel. I spelet du vil få velje mellom mange ulike roller som dekker eit vidt spekter. Om du likar action eventyr vil du kunne velje ein nærkampskrigar som utelukkande satsar på handvåpen. Alternativt kan du velje ein robot som trampar rundt med massive skytevåpen. Etter kvart som du gjer ein god jobb vil du sanke inn erfaringspoeng som kan brukast på å byggje opp eigenskapane dine.

Ved sidan av dette vil det bli viktige å kontrollere ulike punkt på karta. Desse vil bli brukte som spawnpunkt etter eit dødsfall, men du kan òg mane fram skapningar som anten kan fungerer som krigarar i det området, eller kan gi bonusar til deg og spelarane på laget ditt medan du prøvar å ta knekken på fiendane sitt massive beist.

Som dei fleste andre spel i MOBA-sjangeren vil Gigantic bli gratis å spele. Detaljar om korleis utviklarane hos Motiga vil handtere denne biten av spelet er ikkje kjende heilt enno.

Akkurat no jobbar Motiga for å få Gigantic inn i alfamodus, og via den offisielle nettstaden for spelet kan du melde deg opp for å delta i alfaen. Når den vil bli tilgjengeleg vitast ikkje enno, men om alt går etter planen vil Gigantic lanserast på PC ein gong til neste år.

Den første traileren kan du sjå nedanfor.

Gigantic er berre det siste i ei lang rekke sprelske fleirspelarspel som er på veg i framtida. Nyleg kunngjorde Bethesda God of War-inspierte BattleCry, det neste Orcs Must Die!-spelet får solide MOBA-element, medan polske CD Projekt Red vil sleppe laus The Witcher: Battle Arena på mobile plattformer mot slutten av året.

Siste fra forsiden