Gjekk du glipp av Battlefield Hardline-betaen?

Ny beta vil la deg leike politi og røvar før lanseringa til hausten.

Ei av EAs aller største kunngjeringar under E3-messa i Los Angeles for nokre veker sidan var skytespelet Battlefield Hardline. I motsetning til dei andre spela i Battlefield-serien blir ikkje dette utvikla av svenske DICE. I staden har Dead Space-studioet Visceral Games fått ansvaret med å lage årets utgåve i Battlefield-serien.

Då Battlefield Hardline blei vist fram for første gong, lanserte EA samtidig ein betatest for spelet. Denne var tilgjengeleg på PC og PlayStation 4, og er no over. I samband med dette har Visceral-sjef Steve Papoutsis skrive eit blogginnlegg der han fortel litt om kva som vil skje framover.

Først og fremst vil dei setje i gong ein ny betatest til hausten. Noko nøyaktig tidspunkt seier han ikkje noko om, men sidan spelet skal lanserast 21. oktober, skjer det nok seinast nokre veker før dette. I denne betatesten vil vi få bryne oss på fleire nye modusar, og kjempe i miljø som til dømes illegale plantasjar og gatene i Miami.

I motsetning til den første betatesten som berre var tilgjengeleg på PC og PlayStation 4, vil denne betatesten i tillegg bli tilgjengeleg på PlayStation 3, Xbox One og Xbox 360. Kor denne betaen blir open eller lukka får vi ikkje vite heilt enno.

Politi og røvar

Vil du vere politi eller røvar i Battlefield Hardline?

I Battlefield Hardline held EA fram med å leike politi og røvar der du enten tek på deg rolla som politi eller kiminell. Liknande ting har EA allereie gjort fleire gongar med Need for Speed-serien, og no er det altså Battlefield-serien som skal til pers. Papoutsis fortel i blogginnlegget av spelet vil by på mange element som vil bli heilt nye for Battlefield-serien.

Dette gjeld ikkje berre for fleirspelarmodusen, men òg for kampanjen som vil ta på seg eit format liknande det vi finn i populære TV-seriar. Visceral Games har god erfaring med å byggje spanande rammer rundt spela sine, noko vi har sett i spel som Dead Space og Dead Space 2.

Om du lurer på kva vi meinte om det førre spelet i Battlefield-serien kan du ta ein kikk på vår vurdering av Battlefield 4.

Siste fra forsiden