Gjer deg klar for storslagent orkeslakt

Orcs Must Die!-serien er tilbake, og blandar MOBA-element inn i tårnforsvarformelen.

Det er ikkje til å legge skjul på at redaksjonen var svært begeistra då den fekk kose seg med orkeslaktmåltidet Orcs Must Die! i 2011. Dette spelet tok den kjende og kjære tårnforsvarsjangeren til nye høgder, og sette deg inn i rolla som ein kamptrollmann som måtte legge ut feller for å lage pudding av orkar og andre uvesen.

Spelet kom til PC og Xbox 360, og fekk året etter ein oppfølgjar som utelukkande dukka opp på PC. No er Robot Entertainment klare for å sleppe laust eit nytt Orcs Must Die!-spel. I ei pressemelding i dag får vi vite at Orcs Must Die! Unchained vil bli tilgjengeleg i løpet av året, og her blir det mykje nytt.

Hær mot hær

Det er ikkje lenger berre okrane som må døy.

Orcs Must Die! Unchained vil by på mykje av den same moroa vi kjenner frå før. Du vil styre ein helt i tredjeperson som slenger ut feller for å knerte bølgjer med fiendar, men i staden for å spele mot maskina vil du no spele mot andre spelarar. To lag på fem spelarar vil kjempe mot kvarandre, legge ut feller og sende store grupper med krigarar mot kvarandre.

Dei som klarar å setje opp dei mest utspekulerte fellene, medan dei bryt seg gjennom motstandarane sitt forsvar vil gå sigrande ut. Heltane frå dei tidlegare spela vil dukke opp, samt fleire nye.

Spelet vil bli gratis å laste ned, men som mange andre spel no for tida vil utviklarane selje utvidingar. Nøyaktig kva desse vil vere er ikkje heilt klart, men i og med at spelet let deg samle kort, er det sannsynleg at desse kan kjøpast for pengar. Korta vil by på feller og eigenskapar, og vil bli viktige i planlegginga av neste tokt.

Om du er gira på å drepe orkar kan du registrere deg for å sikre deg ein plass i betaen på spelets offisielle nettstad. Eventuelt kan du tømme lommeboka på diverse pakkar som gjev deg ekstra tidleg tilgang til spelet. Desse inneheld alt frå nye teksturar til heltane, dei tidlegare Orcs Must Die!-spela og gullmyntar å bruke i spelet, til ekstra kodar slik at du kan spele med venene dine. Desse pakkane kostar frå 120 til 900 dollar og er såleis sannsynlegvis for spesielt interesserte.

Har du lyst på meir tårnforsvar bør du få med deg fjorårets Anomaly 2.

Siste fra forsiden