Gjer deg klar til å døy, igjen

Neste år er det klart for fleire smertefulle dødsfall i Dark Souls II.

PlayStation 3-eksklusive Demon's Souls sette for nokre år sidan sitt markante preg på spellandskapet. Den brutale utfordringa dette rollespelet bydde på i si mørke og dystre fantasyverd, traff ei nerve blant folk. Spelet blei ein uventa suksess for utviklarane i FromSoftware og utgjevaren Sony. I fjor dukka den andelege oppfølgjaren Dark Souls opp, og vidareutvikla elementa som gjorde forgjengaren så populær. Namnskiftet kom av den enkle grunn at FromSoftware ville over på fleire plattformer enn berre PlayStation 3.

Natt til i dag blei til mange si store glede Dark Souls II kunngjort på Video Game Awards i Los Angeles. Spelet blir utvikla for PlayStation 3, Xbox 360 og PC, og utifrå den stemningsfulle og fimlatiske traileren som blei vist fram kan vi nok vente å få meir av den nedverdigande grisebankinga vi har blitt så glade i.

Heilt det same som dei føregåande spela blir Dark Souls II derimot ikkje. I motsetning til Demon's Souls og Dark Souls blir ikkje spelet regissert av Hidetaka Miyazaki. Han tek i staden på seg ei produsentrolle medan nykomaren Tomohiro Shibuya står for regien. Shibuya har tidlegare jobba hos Capcom med Resident Evil- og Monster Hunter-seriane.

«Dette nye kapitlet i Dark Souls-sagaen gjev oss moglegheita til å drive innovasjon i gameplay, skape ei heilt ny historie og utvide omfanget av verda spelarane er i. Vi har tatt desse nødvendige stega med Dark Souls II for å utvikle serien,» fortel Tomohiro Shibuya i ei pressemelding.

Spelet vil etter alt å døme framleis by på utfordringar som tvingar deg til å prøve og feile uhyggjeleg mykje før du omsider får dei massive beista til å falle mot bakken. Samtidig fortel FromSoftware at dei vil gjere det heile meir tilgjengeleg for eit større publikum.

Kva det betyr kan vi berre spekulere i, men det herskar vel liten tvil om at å endre for mykje på spelet sin utfordrande natur er risikosport, sidan den var mykje av grunnen til at Demon's Souls og Dark Souls blei populære i utgangspunktet.

FromSoftware har ikkje sagt noko om når vi kan få Dark Souls II i hende.

Les også: Anmeldelse: Dark Souls: Prepare to Die Edition
Les også: Fan forbedret Dark Souls ved lansering

Kommentarer (55)

Forsiden akkurat nå

Til toppen