Anmeldelse

Godfather: The Don's Edition

Dystre trompetar, bryllup, tårer og eksplosjonar. I New York på 1930-talet skjedde forretningane i skuggane. Avtaler blei gjort under bordet, og om nokon var misfornøgde kunne resultatet bli lukta av svidd krutt. I ei verd der den store delar av lova sin lange arm var korrupte, var det dei forskjellige mafia-familiane som var den verkelege lova. Her er du, ein av Don Corleone sine handmenn. Du utfører dei skitne oppdraga ingen eigentleg nemner med klare ord. Du overtalar folk til å vise familien lojalitet, og du jobbar deg sakte men sikkert mot toppen.

Du er ein av desse menna som utfører oppdraga det alltid blei snakka om i filmane, men sjeldan vist i detalj. Det er her spelet kjem inn. I staden for å høyre om avtaler som blir gjort, og folk som blir banka opp, tar du no del i det. Det store dramaet som filmane baserar seg på, er eit bakteppe for di eiga historie. Du reiser rundt gjennom byen og skaffar Corleone-familien lojalitet og makt i ei hard tid der eit attentatforsøk kan kome frå alle kantar.

Den store depresjonen

New York anno 1930 er eit enormt og fritt område der du kan springe fram og tilbake som du vil. Det er ingen lastetider, du finn ingen avlåste soner du må låse opp for å besøke, men det er heller ikkje like fritt som ein først får inntrykket av. Byen er full av store bygningar, forretningar med skjulte bedrifter på bakrommet. Det er lett å innbille at du finn noko å ta del i kvar du enn snur deg, at du kan springe inn i alle bygningar du ser, men realiteten er ei rak motsetning. Du møter låste dører, eller ingen dører i det heile. For å finne åpne dører og potensielle oppdrag, må du ty til eit kart som er mist like rotete som det visar veg.

Men illusjonen fungerar likevel. Gatene er fulle av liv i form av folk, bilar og rivaliserande familiar. Dei forskjellige familiane er alle kledde i distinktive fargar. Corleone-familien du tilhøyrer går i svart, medan ein anna til dømes går i blått. Det er subtile fargenyansar som gjer det lett å kjenne igjen kvar du er utan å få det hamra inn i skallen med store neonskilt. Om du ser nokre menn frå ein rivaliserande familie stå utanfor ein butikk, kan du ta det som eit enkelt teikn på at her kan du tene pengar. Desse menna vil etter all sannsynlegheit beskytte bedrifta mot andre familiar, men det er ingenting som skal eller bør stoppe deg. Din jobb er å ta over desse bedriftene, og det er her Godfather: The Don's Edition byr på sine mest minnerike stunder.

Harde tak

Eg trur ikkje eg kan få presisert hardt nok kor fordømt gjennomført bruken av SIXAXIS-kontrollaren er i denne PlayStation 3-utgåva. Det er så intuitivt og logisk at ein blir sugd inn i spelet på ein heilt anna måte enn kva dei tidlegare versjonane av spelet var i stand til. Det du brukar tilt-funksjonen på kontrollaren til, er ganske enkelt rå vald. Når du skal overtale butikkeigarar til å støtte Corleone-familien, må du ofte ty til litt skremsel, og det å gripe tak i butikkeigaren, for så å slenge han i bakken, er noko som ofte får dei til å bøye seg i støvet.

Ved å trykke inn to ryggknappar vil du gripe tak i den som måtte stå framfor deg. Om du står ved sidan av eit bord, kan du berre rykke kontrollaren til sida, og du slår hovudet hans i bordplata. Du kan òg rykke på kontrollaren for å slenge han i bakken. Dyttar du han mot ein vegg kan du dytte kontrollaren framover for å slenge han hardt i betongen. Du kan òg rykke kontrollaren oppover for å løfte ein fiende som har sige ned på kne. Min personlege favoritt er uansett å stå på eit hustak og slenge den stakkars tullingen utfor taket ved å praktisk talt kaste han utfor med dine eigne hender.

Det som gjer dette så fabelaktig vellukka er at du verkeleg får kjensla av å gripe tak i, og slenge rundt på offera dine. Det er og noko som fungerar svært godt i saman med spelet sitt intuitive og underhaldande kampsystem. Om du held tak i nokon, kan du bruke høgre analogstikke til å utføre forskjellige slag og spark. Korleis du roterar på stikka vil avgjere kva slag du gir, og ved å halde den bakover ei stund før du slår, vil slaget bli kraftigare. Det er så enkelt at du skjønar det før du i det heile får prøve sjølv, men du store tid som det fungerar. Eg elskar å riste rundt på stakkarane før eg gir dei eit solid ballespark. Om dei synk ned på kne løftar eg dei opp igjen og lar dei kjenne smaken av kassaregisteret med sine eigne tenner.

Å bruke skytevåpen er – om ikkje like underhaldande – gjennomført på ein god måte. Du låser deg på ein fiende, og kan velje kvar på kroppen du vil skyte ved å flytte rundt på ein markør. På denne måten kan du ta enkle headshots, skyte eit våpen ut av handa på fienden, eller om du skal ta nokon levande kan du berre skyte dei i kneet slik at dei ikkje kan springe unda.

Du må ha kontroll på begge desse delane av spelet så snart du byrjar å vise knyttneven din til barbersjappa til ein anna familie. Så snart du yppar til bråk, vil folk med våpen kome springande, og du finn deg raskt på kne, der du plukkar ned ein etter ein gjennom dei knuste vindauga i forretninga. Om du har vore ekstra smart på førehand, har du allereie betalt politiet i omkrinsen for å hjelpe deg. Når alt helvete bryt laus er du brått ikkje aleine, men du har ein gjeng med skyteglade politifolk på sida di. For å auke antalet i den vesle hæra di, kan du etter kvart rekruttere menn for å hjelpe deg på oppdrag.

Einsformig i lengda

Mekanikken for å gjere oppdraga dine underhaldande er med andre ord absolutt til stade. Det som sakte men sikkert byrjar å lukte av svidd ullsokk er den evigvarande repeteringa spelet tvingar på deg. Innimellom oppdrag må du alltid springe rundt og ta over forretningar. Du overtalar butikksjefen, og då låser ei bakdør seg opp slik at du kan ta over dei ulovlege bedriftene i bakrommet. I seg sjølv er det moro, takka vere det gode kontrollsystemet, men det er likevel noko du blir litt lei av å gjere om igjen i det uendelege, spesielt når dei forskjellige bakromma byrjar å likne hakket for mykje på kvarandre.

Etter kvart blir det òg alt for mykje køyring. Du får eit oppdrag om å knerte nokon, og så må du køyre over heile Brooklyn Bridge for å nå målet ditt. Brua er kanskje nøyaktig gjenskapt, men det gjer ikkje den ubeskriveleg lange turen noko meir interessant. Samtidig er det og ein eim av kjedsomheit som sakte men sikkert breiar seg. Alt fungerar som det skal, men det er likevel ikkje moro nok. Oppdraga dine er for einsformige, og historia maktar ikkje heilt å gripe om deg slik filmane gjer.

Litt av dette kjem som grunn av ein veldig variabel visuell stil. Personane frå filmane er veldig detaljerte heilt ned til porar i huda, men det er likevel noko feil med alle i hop. Dei liknar, men ikkje heilt. I tillegg til dette finn vi ei rekke med sidekarakterar som du umiddelbart ser ikkje er viktige, og snart vil forsvinne. Modellane ser ut som om dei høyrer til på PlayStation 2. Animasjonane deira er rare, og teksturane er som henta rett ut av Sims 2. Det blir ein merkeleg kontrast som knuser den illusjonen spelet prøvar å bygge opp. Om du stiller Vito Corleone opp ved sidan av ein av dansarane på ein nattklubb, er det som å sjå ei Frode Øverli-tekning ved sidan av eit måleri frå Leonardo Da Vinci. Det er eit stilskifte som ikkje fungerar.

I tillegg er det denne hovudpersonen du skapar. Ein flott verkty lar deg skape deg det ansiktet du vil ha, så dette er ikkje eit problem, det er først når du blir ein del av dei små historie-sekvensane at augebryna byrjar å heve seg. Der står du og ser ut som om maur kryp oppover ryggen din. Du nikkar og vrikkar på deg og i kombinasjon med dramatikken i dialogen blir det ofte komisk.

Det blir nokre hakk betre av god dialog og solid skodespel. EA har henta inn kjende skodespelarar som Robert Duvall og James Caan, og desse leverar det ein kan forvente. Det at kjende og dyktige skodespelarar er med gjer det ikkje automatisk betre, men skodespelet er godt nok til at ein let seg overbevise. Den umiskjennelege New York-aksenten yter òg sitt til å setje deg i den rette stemninga.

I tillegg til spelet, byr Godfather: The Don's Edition på ei lang rekke med ekstramateriell. Du kan sjå på diverse intervju og klipp frå produksjonen. I tillegg kan du sjå på forskjellige hjelpevideoar for korleis ein skal oppføre seg i ei mafia-verd. Ei lita hjelpande hand som lett kan bidra med inspirasjon, men dessverre er desse klippa i eit horribelt dårlig og komprimert format, noko som er ganske uforståeleg med tanke på kor mykje informasjon ei Blu-ray-plate kan romme.

Konklusjon

Å lage spel av Gudfaren er risikable greier. Om ein ikkje er forsiktig er det nærmast som å skyte seg i leggen med avsagd hagle, temmeleg vondt altså. Det er ikkje rart ein lett blir skeptisk til eit Grand Theft Auto-inspirert spel basert på nokre av dei meste kjære og elska filmane i filmens historie. Eg sukkar letta ut når eg kan konstatere at det heile har gått rimeleg bra. Det er likevel litt trist at det ikkje er enda nokre hakk betre. Kontrollsystemet ber om å tilhøyre eit djupt engasjerande spel, og her når dessverre ikkje Godfather: The Don's Edition opp. Det forblir underhaldande, men meir variasjon hadde ikkje vore å forakte.

Vurdering


Godfather: The Don's Edition PS3 PS3 6/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. mars 2007
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen