GoldenEye er tilbake igjen

Nintendo 64-klassikaren får forlenga liv på Xbox 360 og PlayStation 3.

Det finnest ikkje mange spel som er like ikoniske og høgt elska som Nintendo 64-klassikaren GoldenEye. Blant alle som har spelt det finn du praktisk talt eit unisont konsensus om at dette er eit av dei beste og viktigaste skytespela gjennom tidene.

Difor er det kanskje ikkje så rart at ein vil tene pengar på namnet. Førstemann til denne mølla var Electronic Arts som slapp det ganske så katastrofale GoldenEye: Rogue Agent i 2004. Men det var jo sjølvsagt ikkje dette folket ville ha, dei ville ha ekte GoldenEye, og i fjor var Activision meir enn villige til å hjelpe. Dei sette Eurocom til å utvikle ei meir eller mindre trufast gjenforteljing, der Daniel Craig erstatta Pierce Brosnan som Bond.

Kjende miljø i ny drakt

Dette gav tydelegvis meirsmak, for no har Activision kunngjort at GoldenEye-gjenforteljinga tek steget til Xbox 360 og PlayStation 3 under namnet GoldenEye 007: Reloaded. Her får vi fengjande flott grafikk med ein ny motor som piskar ut 60 bilete i sekundet.

Xbox 360 og PlayStation 3-versjonane vil i utgangspunktet vere identiske, men PlayStation 3-versjonen får full støtte for PlayStation Move, og Sharpshooter-tilbehøret som transformerer kontrollerane dine til eit stort plastvåpen.

Utover dette vil GoldenEye 007: Reloaded kome med fleire nye oppdrag i Mi6 Ops Missions-modusen. Samtidig vil fleirspelarmodusen få seg ei solid overhaling. Med nye brett, nye våpen, og ikkje minst full støtte for 16 spelarar, satsar Activision og Eurocom på at dette blir ein stor hit på nettet i haust.

GoldenEye 007: Reloaded kjem til Xbox 360 og PlayStation 3 i haust, ein nøyaktig dato er så langt ikkje kunngjort.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden