Anmeldelse

GoldenEye: Rogue Agent

Endeleg får du sjansen til å vere ein kalkulerande slemming i Bond-universet. Det kunne ha blitt så bra.

Side 1
Side 2

Null utteljing Du føler deg ikkje meir vond av å sjå eit lite ikon som symboliserar ein eksplosjon. Det er dette som skjer, skjønar du. Etter kvart som du drep folk på "kreative" og "groteske" måtar, dukkar det opp ikon som symboliserar kva du nettopp har gjort. Du føler deg ikkje som ein større kjeltring av at det faktisk er kjeltringar du kjempar mot. I staden for å gå til direkte angrep på alt som symboliserar lys og varme i denne verda, framstår det som eit uraffinert gjengoppgjer (med større våpen sjølvsagt). På den eine sida står du som ein av Goldfinger sine lakeiar, og på den andre sida har vi Dr. No. Det hadde nesten blitt meir dramatikk av å sjå kven som ville vinne eit sjakkspel mellom deki to. Kanskje det er ein idè for Electronic Arts sitt neste Bond-spel.

Ein idè for neste spel i rekka er også å gå inn for å lage ein skikkeleg fleirspelar-del. Alle tre versjonane av GoldenEye: Rogue Agent lar deg spele opp til fire spelarar på ein TV, men PlayStation 2- og Xbox-versjonane lar deg også spele online med opp til sju andre spelarar. Til å bryje med har du eit ekstremt lite utval av brett å velje mellom, og for å få fleire må du låse dei opp ved å spele gjennom kampanjen. Med tanke på at spelet i seg sjølv følest ganske treigt, blir det enda verre i fleirspelar-modus. Mange av bretta er for store for berre åtte spelarar, og store delar av tida går med på å springe rundt for å leite etter fiendane dine. På mindre brett fungerar det mykje betre, men du sit uansett igjen med følelsen av at du finn mykje betre fleirspelar-spel til både PlayStation 2 og Xbox.

Det er ingen tvil om at dei fleste spela frå Electronic Arts gjerne har svært påkosta produksjonsverdiar, så kva skjedde eigentleg med GoldenEye: Rogue Agent? Det ser absolutt ikkje imponerande ut. Det er firkanta og kjedeleg, teksturane er grumsete, og detaljane er som henta ut av ein pakke Playmobil. For å gjere det heile enda litt verre, er omgivelsane kjedelege og uinspirerte, og spelet har kanskje dei styggaste vann-effektane i nyare tid. I tillegg er bretta forferdeleg langtekkelege. I staden for å halde spenninga oppe, med mykje variasjon, følest det som om alle delar av spelet blir dratt ut i lengde for å skape eit større spel på ein lettvint måte. Det blir kanskje eit større spel av det, men ikkje eit spel det er stor sannsynlegheit for at du nokon gong vil runde.

Det er mange kjende ansikt frå Bond-registeret som dukkar opp i dette spelet, og det kan nesten verke som om målet har vore å presse inn det som kan. I tillegg har Electronic Arts fått med seg skodespelarar som til dømes Christopher Lee og Famke Janssen for å gjenta sine roller. Dessverre gjer ikkje dette noko som helst for at spelet skal bli betre. Du kjenner igjen stemmene, men det er alt. Ein blir litt likegyldig til det, og det same gjeld for lydeffektane. Dei er absolutt heilt greie, men det manglar litt futt. Når du sprenger gassbeholdarar vil ein gjerne høyre det og. Det einaste som trekk opp i positiv retning er musikken som er ei passande blanding av Bond-inspirert elektronisk rock.

Konklusjon Det er moro å ikkje nødvendigvis vere den store og fantastiske helten som reddar verda ein gong i blandt, men det har litt å gjere med korleis spelet går fram for å fortelje deg at du gjer bestialske ting. I GoldenEye: Rogue Agent er belønninga å låse opp brett og bilder av forskjellige slag, men får det deg til å føle at hjarte ditt har svartna? Nei, ikkje akkurat. Når du spring rundt og skyt ned Dr. No sine soldatar, er det akkurat det same som om du skulle ha vore James Bond. Du føler deg ikkje vond, og spelet gir ikkje noko inntrykk av det heller. Tidvis er det underhaldande, spesielt i område der du faktisk møter ei utfordring, men det kan ikkje skjule det faktum at alle konsollane har spel i same sjanger som knuser dette spelet langt ned i gjørma. Om du kan spele det beste, kvifor kaste vekk tid på eit middelmådig produkt fullstendig blotta for sjarme?

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden