Anmeldelse

GoldenEye: Rogue Agent

Endeleg får du sjansen til å vere ein kalkulerande slemming i Bond-universet. Det kunne ha blitt så bra.

Side 1
Side 2

GoldenEye: Rogue Agent er så midt på treet at det nesten gjer vondt. GoldenEye til Nintendo 64 er ein udiskutabel klassiker. Eit av dei spela du hugsar mange år etter. Det er kun på ein måte GoldenEye: Rogue Agent følest i nærheita av Nintendo 64-klassikeren; Det følest gammalt. Veldig gammalt, og det følest billig. Dette er eit av dei spela der ein verkeleg kan undre seg over kva utviklarane tenkte når dei døpte spelet. "GoldenEye: Rogue Agent" er eit namn som umiddelbart får deg til å tenke på eit temmeleg populært Nintendo 64-spel. Du skal vere temmeleg treig om du ærleg talt trur denne tittelen var heilt tilfeldig, men eit smart trekk er det ikkje. Sjølv om GoldenEye er eit gammalt spel no, knuser det Rogue Agent på alle punkt.

Akkurat no føler eg meg ganske tom. For det er slik det gjerne følest når ein har kasta vekk mange timar på noko som verken er bra eller dårleg. GoldenEye: Rouge Agent er som å setje seg ned i sofaen for å sjå gjennom alle middelmådige såper og reality-show ein kveld kan tilby. Av og til føler du ei svak rykking i lilletåa som minnar deg om engasjement, men stort sett sit du der med autopiloten på. Alt er rutine, du har gjort det mange gongar før, og du blir nesten litt trist. Litt trist for at det var dette vi skulle få når namnet GoldenEye endeleg skulle hentast fram i dagens lys igjen.

Slutten for agent 007 Det første som skjer er at Hr. Shaken, not stirred, fell til si grav i flammar og eksplosjonar. Det neste som skjer er at du mistar jobben din. Deretter spring du rundt og prøvar å treffe fiendar. Du skjønar, du får skulda for at James Bond ikkje lenger er blandt oss. Dei fleste av oss ville vel kanskje blitt lettare provoserte over å bli beskulda for å ha drept nokon, når ein eigentleg ikkje har gjort det. Så kva gjer vi då? Vi melder oss inn i den eine store skurkeklubben, og bestemmer oss for å vise dei kva som skjer når akkurat du tar livet av folk. Som ein av Goldfinger sine ukarismatiske soldatar, har du på ein måte fått ein slags lisens til å drepe.

Av Goldfinger har du fått eit (trommevirvel) gullauge (eller GoldenEye om du vil), som gir deg visse fordelar i kampens hete. Det er i alle fall det som er meininga, for noko revolusjonerande er det absolutt ikkje. Auget ditt kan brukast til å sjå gjennom veggar, hacke maskiner, eller bruke telekinesis for å kaste fiendar vegg i mellom. Ikkje originalt, men absolutt eit steg i riktig retning på vegen til å bli god underhaldning. Godt på veg, men ikkje heilt, dessverre. GoldenEye: Rogue Agent byr på kontroll som sender deg ti år tilbake i tid, det følest gammalt, upresist, tungt, og veldig lite polert. Det tar så langt tid å snu seg at ein nesten får krampe. Du kan skru opp hastigheita, men då blir våpena dine like handterlege som ein hund med rabies. Nødløysninga blir autofokus. Ein forferdeleg dårleg autofokus, men likevel, det får minuttane til å gå.

Vondskapens menn er dumme som brød Ein rask kikk på baksida av plastboksen som inneheld spelet eg prøvar å ikkje hisse meg opp over, kan avsløre at fiendane er utrusta med ein fabelaktig "E.V.I.L."-kunstig intelligens. Ja, dei er kanskje vonde, men kun i den stil vi kjenner patetiske og uintelligente kjeltringar frå dårlege romantiske komedier. Basisprinsippet for dei er tydelegvis å stå bak noko, kikke fram av og til, og kanskje gå til andre sida av kva dei no enn gøymer seg bak. Veldig, veldig imponerande. Dette er eigentleg unntaket som bekreftar regelen. Stort set spring dei rett mot deg sjølv om du spring rundt med eit heilautomatisk våpen du stort sett kun finn stasjonert i krigssoner. Lurer på kva dei tenker når dei spring mot deg. "Åh, eg kan ikkje hjelpe for det, det er så vakkert"?

Det er lett å bli fortvila. Utfordringa blir etter kvart omtrent like stor som eit stort fleirspelar-slag i eksempelvis Halo, der du er den einaste som faktisk gjer noko. Fiendane dine er så låst til rutiner at til og med enorme helikopter med rakettar blir barnemat. Dette er kanskje gjort med hensikt for å få deg til å gjere vonde handlingar. Noko du faktisk får poeng for. Kvifor? For å låse opp konseptbilder og anna snacks som du sannsynlegvis aldri vil bry deg med å sjå på. Spelet ber deg om å gjere vonde gjerningar, men kvifor? For eit bilde? Det er lettare, og gjerne meir underhaldande å gi blanke i ekstremt "vonde handlingar", sidan du eigentleg ikkje får noko i gjengjeld for det. Kvifor bry seg?

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden