Gran Turismo blir film

Frå produsentane av Fifty Shades of Grey.

Med over 70 millionar selde kopiar er Gran Turismo utan tvil blant dei alle største spelseriane på marknaden. Slik suksess gjer det strengt tatt ikkje overraskande at Sony no vil gjere eit forsøk på å utvide potensialet for serien, spesielt med tanke på kor populære racingfilmane i The Fast & the Furious-serien har vore.

Det som likevel er noko overraskande er at produsentane bak filmatiseringa av dei erotiske Fifty Shades of Grey-bøkene – Mike De Luca og Dana Brunetti – tek på seg produsentrollene. Dette fortel The Wire, men om det blir dominant sex på bilpanseret fortel dei derimot ingenting om.

Frå Sony si side vil Elizabeth Cantillon, DeVon Franklin og Hannah Minghella oversjå prosjektet. Nokon tidsplan for når når produksjonen vil gå i gong, eller kven som vil innta hovudrollene er så langt ikkje klart. Medan du ventar på filmen kan du derimot få med deg Gran Turismo 6 som kjem i sal seinare i år.

Gran Turismo er ikkje den einaste racingserien som er på veg til den store skjermen. Dreamworks er i full sving med å lage ei filmatisering av Need for Speed-serien, medan Legendary Pictures styrer på med ein filmversjon av Hot Wheels.

Les også: Nintendo krever reklameinntekter fra «let's play»-filmer Les også: Warcraft-filmen kaprer kritikerrost regissør

Siste fra forsiden