Gran Turismo 5 seint i 2008?

Det kan ta lang tid før det femte spelet i bilserien er i butikkhyllene.

For å sørgje for at spelet er perfekt før lansering, kan Gran Turismo 5 bli utsett til slutten av 2008. I følgje Computer & Video Games, fortel regissør Kaunori Yamauchi dette til det amerikanske bladet Car and Drive. Yamauchi meiner det tidlegast vil kunne bli lansert våren 2008, og Sony er meir enn villige til å utsetje spelet om utviklarane treng meir tid.

Ein av hovudgrunnane til at det tek så lang tid, er den omfattande prosessen det er å byggje ein bil. For å få det detaljnivået utviklarane vil ha, tek kvar bil 180 dagar å setje saman. Til samanlikning tok det 30 dagar for Gran Turismo 3, og kun ein dag for det originale Gran Turismo.

Heller ikkje i den femte utgåva av Gran Turismo vil bilane ta skade av krasj. I intervjuet med Car and Drive, har Yamauchi fortalt at dette delvis er grunna at bilselskapa som har lisensert bort bilane sine, ikkje vil ha dei øydelagt. Eit anna problem med krasjing av bilar, er at utviklarane vil bli nødt til å forandre fysikkmotoren for å få det til. Samtidig må kvar del på bilane modellerast for seg sjølv, noko som betyr mykje ekstraarbeid.

Han fortel likevel at fysisk skade på bilane kan bli ein realitet gjennom oppdateringar etter lansering.

Siste fra forsiden