Grand Theft Auto: San Andreas kjem til mobil

Forbetra utgåve blir tilgjengeleg i desember.

I fjor feira Rockstar Games tiårsjubileet til Grand Theft Auto: Vice City med å sleppe sandkassespelet på mobile plattformer. I år aktar dei å gjenta den suksessen. Som om det ikkje var nok å setje massive salsrekordar med nyleg lanserte Grand Theft Auto V, vil dei lansere svært populære Grand Theft Auto: San Andreas for mobile plattformer neste månad.

I likskap med Grand Theft Auto V er handlinga i GTA: San Andreas plassert i den fiktive og høgst California-inspirerte amerikanske staten San Andreas. Ein stor forskjell er derimot at der Grand Theft Auto V er sett til vår tid, reiser vi i San Andreas tilbake til tidleg 90-tal.

Grafiske forbetringar

Mykje har skjedd på åtte år. Slik såg Grand Theft Auto: San Andreas ut i 2005.

Sidan det er heile åtte år sidan GTA: San Andreas blei lansert har Rockstar bestemt seg for at eit grafisk løft er på sin plass. I ei nyheitsoppdatering på nettsidene sine fortel dei at den mobile versjonen av spelet får dynamiske og detaljerte skuggar, større fargepalett, betre figur- og bilmodellar, samt at du vil kunne sjå lengre inn i horisonten.

Vidare fortel Rockstar at spelet vil by på heilt nye rørslekontrollar der du kan velje mellom tre forskjellige kontrolloppsett. Blant anna vil du kunne velje å vise kontrollane på skjermen utelukkande når det trengst. Spelet vil òg kome med full støtte for kontrollerar. På toppen av dette har Rockstar bygd inn eit nytt system for lagringspunkt, slik at livet skal bli enklare for spelaren.

Grand Theft Auto: San Andreas vil bli tilgjengeleg for iOS, Android, Amazon Kindle og Windows Mobil neste månad. Nokon nøyaktig dato er ikkje klar. Rockstar har heller ikkje bydd på bilete av den nye versjonen, men lovar at fleire detaljar vil bli tilgjengelege i dei komande vekene.

Medan du ventar på San Andreas til mobil kan du sjekke ut redaksjonens vidt forskjellige meiningar om det nyaste spelet i serien; Grand Theft Auto V. Vår anmeldar elska det, underteikna var ikkje heilt einig.

Siste fra forsiden