Grand Theft Auto V blir så digert at det krev installasjon

Xbox 360-versjonen kjem på to diskar.

Eit av årets aller største og viktigaste spel er utan tvil Grand Theft Auto V. Det har gått nokre år sidan Grand Theft Auto IV, og det er tid Rockstar har brukt på å bygge eit enormt spel. Vi får kontroll over tre ulike hovudpersonar, og dei vil kunne reise rundt i ei verd som totalt sett er heile 3,5 gongar større enn den vi fann i Rockstars førre spel Red Dead Redemption.

Installasjonskrav

I dag har Rockstar via bloggen sin fortalt litt om konsekvensane av å lage ei så stor verd. Både Xbox 360- og PlayStation 3-versjonane av spelet vil krevje ein installasjon på 8 GB. Har du ein full harddisk blir du med andre ord nøydd til å rydde opp litt. Har du ein Xbox 360 med berre 4 GB lagringskapasitet vil du bli nøydd til å bruke ein minnepenn.

Trening pågår.
Trening pågår.

Xbox 360-versjonen vil i tillegg kome på to diskar, men du vil ikkje måtte byte mellom desse medan du spelar. Alle installasjonsfilene er dytte inn på den første disken, medan den andre vil blir brukt når du spelar spelet. Dette vil med andre ord fungere mykje på same måte som installasjonsdisken som kom med Halo 4 frå i fjor haust.

Grand Theft Auto V vil som sin forgjengar kome med ein fleirspelarmodus. Denne har fått namnet Grand Theft Auto Online, og Rockstar lovar i blogginnlegget å kome med fleire detaljar om denne i løpet av sommaren.

Stor valfridom

Med Grand Theft Auto V lovar Rockstar solid valfridom i korleis du lev livet. Du kan farte både til lands, i lufta og til sjøs, og spelet la deg ta på deg oppdrag på mange ulike måtar. Nokre vil vere ein del av historia, medan andre kan plukkast opp av folk du møter tilfeldig.

På toppen av alt dette finn vi eit dynamisk progressjonssystem som gjer deg betre i ulike eigenskapar etter kvart som du brukar dei. Vil du bli god til å sykle er det altså berre ein måte å fikse den biffen på.

Grand Theft Auto V kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 17. september.

Les også: Hør GTA-musikken på Spotify og iTunes
Les også: Tilbakeblikk på det aller første Grand Theft Auto

Kommentarer (64)

Forsiden akkurat nå

Til toppen