Grand Theft Auto V får førstepersonmodus

Rockstar vil la deg utforske Los Santos på ein heilt ny måte.

Tilbake i september byrja rykta å svirre om at den nye og oppussa versjonen av Grand Theft Auto V ville få støtte for førsteperson. Det var Rockstar sjølve som slapp nyhenda i ein bloggpost, men den blei raskt sletta, og det var difor uklårt kor sikkert det var at ein slik modus ville kome.

No har avklaringa kome, og via IGN får vi vite at Grand Theft Auto V definitivt får ein førstepersonmodus når spelet lanserast på Xbox One og PlayStation 4 om eit par veker. Som kjent kjem ikkje den nye versjonen av Grand Theft Auto V til PC før neste år, og PC-spelarane må difor vente litt ekstra på den nye modusen.

Velg og vrak

Snart kan du verker leve deg inn i rolla som Trevor.
Snart kan du verker leve deg inn i rolla som Trevor.

Om du er usikker på om første- eller tredjeperson er den rette synsvinkelen for deg, har Rockstar gjort det heile såre enkelt. Ved eit enkelt knappetrykk kan du byte mellom dei to perspektiva, og den nye førstepersonmodusen vil bli tilgjengeleg i både historiemodusen og i GTA  Online.

For å få Grand Theft Auto til å fungere i førsteperson har Rockstar blitt nøydde til å gjere mykje ekstra arbeid. Først og fremst har dei bygd opp eit tradisjonelt kontrollsystem der du får lov til å sjå gjennom siktet på våpenet om du vil, men dei har òg blitt nøydde til å lage ei rekke ny animasjonar for å få ting til å fungere skikkeleg. Å sjå på telefonen skjer no ved at du bokstavleg talt ser rett på den, og alle karakterane vil ha unike animasjonssett som vil gjere det tydeleg kven du spelar.

Franklin vil til dømes kunne knipse med fingrane, medan Michael kan finne på å tenne ein sigar. I dialogar mellom hovudpersonane vil dei sjå rett på deg, i staden for at du ser ned på dei frå fugleperspektiv.

Ved sidan av å by på ein ny synsvinkel byr den nye versjonen av Grand Theft Auto V på ei rekke nytt innhald, i alle fall om du allereie eig spelet til førre generasjons konsollar. I førre veke kom ei liste over nytt innhald som bilar, våpen og oppdrag som vi har i vente når spelet lanserast på ny 18. november.

Grand Theft Auto V fekk strålande kritikk her hos oss då det blei lansert, og vi gav det full pott på karakterskalaen. Om du er spent på korleis Grand Theft Auto V blir i førsteperson, kan du ta ein kikk på traileren nedanfor.

Kommentarer (35)

Forsiden akkurat nå

Til toppen