Gratis Among the Sleep-utviding har fått dato

Den norske babygrøssaren byr snart på nye utfordringar.

Norskutvikla Among the Sleep er eit grøssarspel noko utanom det vanlege. I staden for å ta på oss rolla som ein person fortapt i ei mørk og forstyrra verd der farar lurer rundt kvart hjørne, tek vi på oss rolla som ein liten pjokk på berre to år.

Krabbande på fire bein, eller subbande på to med ein bamse i armane, skal spelaren hanskast utfordringane mange små born møter når lyset sløkkast for kvelden. Spelet har fått god mottaking verda over, og dei siste månadane har utviklarane brukt på å polere eit stykke ekstrainnhald som blir levert automatisk til alle som eig spelet.

I ein fersk trailer får vi sjå dei første glimta frå denne utvidinga, samt ein dato for når vi kan få halde fram med å vere berre to år. Allereie onsdag 5. november vil utvidinga bli lansert.

Kickstarter-hjelp

Among the Sleep er eit av eit knippe norske spel som har finansiert utviklinga gjennom folkefinansieringsportalen Kickstarter. Der samla dei inn 1,2 millionar kroner, og spelet blei lansert i slutten av mai i år.

Vi likte spelet godt, sjølv om vi meinte det absolutt hadde foretringspotensiale:

«Among the Sleep er nok ikkje den grøssaren mange hadde forventa. Dette er ikkje Amnesia med ein baby i hovedrolla, men eit spill som har ein høgst verkeleg bodskap det ynskjer å få fram. Og det synes eg det klarar, sjølv om eg har problem med delar av gjennomføringa. Krillbite kan i det store og heile vere stolte av sitt første spel, men det er ikkje utan forbetringspotensiale.»

Kickstarter har vore eit viktig inntektskjelde for mange utviklarar dei siste åra, og blant anna gjorde norske Red Thread Games suksess der med å få finansiert sine Drømmefall-spel. Det første kapitteler i Drømmefall Kapitler blei lansert for kort tid sidan.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen