Gravde opp katastrofespel

Legenda om E.T.-dumpinga viste seg å vere sann.

Foto: Larry Hryb/Microsoft
Larry Hryb/Microsoft

I fjor sommar blei det kjent at det kanadiske filmteamet Fuse Industries ville reise på ein noko spesiell ekskursjon til New Mexico. Grunnen var at historiene ville ha det til at ei mengde kopiar av Atari-spelet E.T. frå 1982 blei dumpa i eit stort hol i jorda, før det heile blei dekt med betong. Filmteamet ville ta på seg oppdraget med å grave opp igjen desse spela.

I helga var det endeleg tid for å sjekke om historiene var sanne, og saman med Microsoft reiste filmteamet til den påståtte dumpingsplassen. Historia viste seg raskt å vere sann, og i løpet av utgravinga har Larry Hyrb frå Microsoft tatt til Twitter for å dokumentere prosessen.

Framleis i plast

Søppelbøtter fulle av spel. (Foto: Microsoft).

I følgje historia skulle spela som blei dumpa ha blitt knust før dei blei gravlagde. Dette ser ikkje ut til å stemme heilt. Fleire spel som har blitt gravde fram er framleis innpakka i plast, sjølv om dei naturleg nok er i ganske dårleg forfatning etter 30 år under jorda. I tillegg viser det seg at E.T. ikkje er det einaste spelet som har møtt sin ende her. I eit innlegg på Xbox Wire får vi vite at i tillegg til E.T. har dei funne kopiar av Centipede, Space Invaders og Asteroids.

Årsaka til at desse spela blei dumpa er i følgje historia at spelet var så frustrerande og dårleg at folk returnerte det i hopetal. Med det enda Atari opp med ei enorm mengde spel dei ikkje blei kvitt. Løysinga, som no 30 år seinare har vist seg å vere langt meir enn ein myte, blei ein noko eskalert variant av å feie det heile under teppet.

Atari er på ingen måte den stormakta i spelindustrien selskapet ein gong var. I fjor selde dei unna spelseriane sine, og Retro Crew tok føre seg dette temaet i ein podkast.

Siste fra forsiden