Grimt rollespel mistar julesesongen

Kjeltringane i Blackguards dukkar ikkje opp før på nyåret.

Tyske Daedalic er best kjende for klassiske peik og klikk-spel som The Night of the Rabbit og Deponia-serien. Det betyr likevel ikkje at studioet ser seg nøgde med å halde seg til trygge formlar. Deira neste storprosjekt er det mørke rollespelet Blackguards, og her møter vi ei noko uvanleg gruppe med «heltar».

I staden for å redde verda slik vi plar gjere, byrjar Blackguards med at du må bryte deg ut frå fengsel, og på vegen ut dreg du med deg eit knippe andre kjeltringar som ikkje vil nokon noko godt. Spelet nyttar eit kampsystem som kan minne om det vi finn i seriar som Might & Magic Heroes, og val du gjer midtvegs i ein kamp kan få konsekvensar for kor godt du kjem overeins med folka i følgjet ditt.

Turbaserte kampar i Blackguards.
Turbaserte kampar i Blackguards.

Blackguards skulle etter planen lanserast i løpet av hausten, men i ei pressemelding i dag fortel Daedelic at dei har valt å utsetje spelet til januar neste år for å få alle detaljar på plass.

Vi tok ein kikk på Blackguards under E3-messa tidlegare i år, og likte det vi såg:

«I Blackguards får historia stor plass, men det ser ut til at den blir fortalt på ein smart og dynamisk måte der ting du gjer midtvegs i ein kamp brått kan endre korleis følgjevenene dine ser på deg. Kampane i seg sjølv ser absolutt ut til å bli på solid strategisk moro, og om du er blant dei mange Heroes-spelarane der ute, kan dette vere midt i blinken for deg.»

Les også: Baldur's Gate: Enhanced Edition
Les også: Anmeldelse: Aarklash Legacy

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen