Guide

Counter-Strike: Global Offensive

Slik kjem du i gang med å byte i Counter-Strike

Gamer.no gir deg ein grunnleggjande innføring i Steam-marknaden.

Mikkjell Lønning / Gamer.no

I dei siste åra har Counter-Strike: Global Offensive hatt ein eksplosiv spelarvekst. Dette har også gjort at samfunnsmarknaden til Steam har hatt ein liknande vekst, med ein enorm omsetning.

Byte og samling av såkalla «skins» til våpen i spelet har blitt veldig populært. Her er det noko for ein kvar, med gjenstandar til nokre få øre, til gjenstandar som kostar like mykje som ein ny bil. Nokon har latt seg lokke av samlemanien, nokon er blitt hekta på å byte, men dei aller fleste vil bare ha ein kul utsjånad på våpenet sitt.

Det som etter kvart blei openbart for mange, er at ein kan tene enorme summar på å byte og samle. Dei mest iherdige brukarane har klart å skape ein jobb ut av marknaden, og nokre få har tent seg særs rike. Denne artikkelen vil sjå på korleis ein kan byte på hobbybasis, og likevel få ein god slant ut av det. Fokuset vil vere på å byte knytt til Counter-Strike: Global Offensive, men mange av prinsippa verkar på andre spel.

Litt hell må ein ha. Til venene mine sin misunnelse.

Før du går i gang

Det er anbefalt å gå inn med litt eigenkapital, og kjøpe nokre nøklar. For dei som har litt tæl, kan eg anbefale å ta ein tur til CSGO Norge Trading på Facebook der ein kan kjøpe nøklar til rundt 15-20 prosent under marknadsprisen. Ulempa er at ein må stole på at dei som sel ikkje er ute etter å lure deg.

Det er mogleg å starte på null, men ein får større forteneste dess større investeringa er. 10-50 nøklar kan vere eit godt utgangspunkt.

Før ein byrjar å byte, er dei litt å lese seg opp på. Dette går på korleis ein sikrar seg mot svindel, om korleis ein finn verdien på ein gjenstand, og kva ein bør investere i. Denne guiden vil ha ei liste over dei viktigaste tinga ein treng kunnskap om før ein går i gang.

Bruk Steam Guard.
Valve

Det aller viktigaste er å vere merksam på svindelforsøk. Viss noko høyres for godt til å vere sant ut, så er det tilfellet 99 prosent av tida. Ver forsiktig med å leggje til steambrukarar med privat profil.

Aldri trykk på lenkjer som du får tilsendt på Steam, uansett om dei ser greie ut. I mange tilfelle vil dei du byter med sende deg skjermbilete av ein gjenstand, og det kan fort vere ei falsk lenkje. Ver også forsiktig med å trykkje på lenkjer på profilane til folk, samt på Reddit og CSGO Lounge. Viss du ikkje er hundre prosent sikker på at lenkja er verkeleg, så hald deg unna.

Bruk mobilbekrefting når du skal byte. Dette kan redde deg frå feil du gjer, viss du for eksempel har sendt eit tomt bytetilbod.

«Float»-verdi

«Float»

Wear (Slitasje)

0.45 - 1

Battle-Scarred (Krigssåra)

0.37 – 0.45

Well-Worn (Velbrukt)

0.15 – 0.37

Field Tested (Felttesta)

0.07 – 0.15

Minimal Wear (Lite brukt)

0.00 – 0.07

Factory New (Fabrikkny)

Les også
Tidenes største major-turnering starter nå

«Float»-verdien på ein gjenstand avgjer kor slitt den er. Ein gjenstand med høg «float» vil vere slitt og oppskrapa, mens lågare «float»-verdi ser betre ut. «Float»-verdien på ein gjenstand er konstant.

Veldig låg «float» kan gi ekstra verdi, spesielt på sjeldne gjenstandar. Det kan legge til nokre kroner, opp til fleirfaldige tusen. Det kjem veldig ann på kor mykje ein gjenstand kostar. Nettsider som csgo.exchange lar ein enkelt sjekke «float»-verdi, og har ei rangering over dei lågaste/høgaste. Dersom ein har noko som er veldig lågt eller veldig høgt, kan verdien vere høg.

Gjenstandar som det er mange av på marknaden, kan vere gode å tene pengar på. Det er mange som ikkje sjekker «float» på slike gjenstandar og sel til vanleg marknadspris, sjølv om gjenstanden er verdt meir. Følg med på marknaden, på Reddit og på CSGO Lounge, så finn du fort gjenstandar med høg førespurnad solgt til marknadspris med god «float». Eksempelvis pleide eg å kjøpe gjenstanden «SSG 008 | Blood in the Water» i lite brukt med 0.08-0.07 «float» for 10-11 nøklar, og selje igjen for 13 nøklar.

Viss nokon sel gjenstandar som brukast til gambling kan ein fort få med seg ein gjenstand med låg «float», som kan seljast igjen for høgare pris.

Det tar litt meir tid å selje gjenstandar med god «float»-verdi, då dei er samleobjekt. Men viss ein fyrst får tak i nokon som er ute etter det ein har, kan ein tene mykje.

Ikkje alle gjenstandar ser like ut sjølv om dei har lik «float»-verdi. Nokre gjenstandar kan sjå mykje betre ut enn andre med lik «float», men dette verkar tilfeldig. Det er difor viktig å prøve ut våpenet litt før ein sel det, slik at du blir kjend med korleis det ser ut, og får betre kunnskap om den faktiske salsverdien.

Forskjellen mellom fabrikkny (venstre) og krigssåra (høgre).
Blake Robbins / Associate.vc

Terminologi

I bytesamfunnet er det veldig mange nye omgrep som ein må vite kva er. Her er nokre av dei viktigaste.

  • «Pure»: Eit uttrykk for sal med bare nøklar, ingenting anna. «250 pure» tyder 250 nøklar
  • «BTA»: «Better than average». Brukast om gjenstandar som har eit bra mønster, god «float» og liknande. Eit eksempel er lite brukt-gjenstandar med «float» som er nære 0.07, rundt 0.10 og nedover. Denne vil vere betre enn gjennomsnittet
  • «WTA»: «Worse than average». Ein gjenstand med veldig høg «float»-verdi. Nokre gjenstandar har så høg «float» at det nesten ser ut som eit vanleg våpen. Slike gjenstandar kan vere verdt veldig mykje
  • «CH» og «Blue Gem»: «CH» er ei forkorting for «Case Hardened». Det finst både knivar og skytevåpen som er «Case Hardened». «Blue Gem» er ein slik gjenstand som har veldig mykje blått på seg
  • «FN» / «MW» / «FT» / «WW» / «BS»: Desse forkortingane handlar om slitasje på gjenstanden. Dei står for «factory new», «minimal wear», «field tested», «well-worn» og «battle-scarred»
  • «B/O» eller «Buyout»: Prisen som gjenstanden din seljast for. Skriv ein for eksempel «B/O 30 nøklar», må ein selje for dette. På Reddit-forumet for byte er det ein klar regel om at ein akseptere tilbod på «buyout»-prisen
  • «Quicksell» eller «QS»: Tyder å selje noko kjapt, under marknadsprisen. Dette blir gjort for å få tak i nøklar fort. Gjenstandar som blir solgt for 85 prosent eller mindre av marknadspris blir sett på som eit slikt sal
  • «C/O» eller «Current offer»: Det høgaste tilbodet du har fått på gjenstanden du sel. Folk vil ofte sjå dette, så viss du får eit godt tilbod bør du ta eit skjermbilete av det
  • «PC» eller «Price check»: Å spørje om hjelp til verdievaluering av ein gjenstand. Reddit er best for dette, viss ein ikkje har vener med kunnskap om marknaden. Ein kan lage ein tråd på Reddit, eller bare søke sjølv. For gjenstandar som finst på marknaden er marknadspris * 0.92 eit godt utgangspunkt, og så rekne det om til nøklar.
Ein «Flip Knife | Slaughter» med diamant- og hjartemønster.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spesielle gjenstandar

Mønsteret på knivar og våpen som «Case Hardened», «Fade», «Doppler», «Slaughter», «Icarus Fell» og liknande vil i stor grad avgjere verdien deira. For eksempel kan ein «M9 Bayonet | Case Hardened»-kniv ligge rundt 600-700 kroner på marknaden, men visse mønster er omtrent uvurderlige. Denne kniven gjekk nyleg for meir enn 100 000 kroner.

Denne bloggen gir ein god innføring i dei forskjellege mønstra, med passande illustrasjonar. Det er viktig å sette seg inn i mønster viss ein får ein gjenstand som har slikt. Verdien varierer i stor grad.

«Pattern index» er ein talverdi som avgjer korleis mønsteret på gjenstanden ser ut. Steambrukar «dutch» har laga ein oversikt over kva mønster som blir sett på som dei beste av «Case Hardened»-gjenstandar.

Gjenstandar med klistremerker kan også vere verd meir enn marknadsverdien. Viss ein gjenstand har eit sjeldan klistremerke, er ein tommelfingerregel at ein tar marknadsprisen på gjenstanden og legg til 7,5 – 10 prosent av verdien til klistremerket for å få salsverdien.

Korleis kome i gang

Etter å ha kjøpt nokre nøklar, er eit godt utgangspunkt å finne nokon som sel ein gjenstand til billig pris. Mange vil ha pengar kjapt, såkalla «quicksell», og sel for mindre enn gjenstanden er verdt. Med litt tolmod kan ein få ein god pris, for å selje igjen for nokre prosent meir. I byrjinga vil framgangen kome veldig ann på eigenandelen din, og det vil gå fortare og fortare dess meir du har å investere med.

Når du fyrst har ein gjenstand å selje, så er det viktig å ikkje bli utolmodig. Ikkje prøv å bli kvitt noko med ein gong, viss du ikkje får prisen du vil ha. Før eller seinare vil nokon kjøpe det du har. Eg har det som regel at eg ikkje stressar med å sette ned prisen på noko før det har gått ei veke. Det skjer særs sjeldan, og stort sett bare med veldig dyre gjenstandar. Då blir tidsperspektivet litt lengre.

Hold deg unna gjenstandar med liten førespurnad viss du ikkje er heilt sikker på at du får kvitta deg med det. I byrjinga er det mange som brenner seg på å kjøpe StatTrak-knivar billig, men som ingen eigentleg vil ha. Då blir ein fort sittande igjen med noko ein ikkje blir kvitt. Sjå på Steam-marknaden eller Reddit og finn ut kor mange av gjenstanden din som blir seld til vanleg. Viss du ikkje finn noko særskild, er det ein god idé å halde seg unna. Dette gjeld spesielt sjeldne «Case Hardened»-gjenstandar i låg prisklasse, «Souvenir»-gjenstandar og «stygge» knivar med liten førespurnad.

Den mest stabile valutaen på samfunnsmarknaden.
Skjermdump - Steam

Det beste er å byte nøklar og stabile gjenstandar som for eksempel «AWP | Asiimov», «AK-47 | Redline» eller gjenstandar som blir nytta til gambling (såkalla «max bets», gjenstandar som har ein verdi på 75 dollar). Etter kvart som ein får meir erfaring kan ein gå over på meir risikabel bytehandel.

Marknadsprisane på gjenstandar går veldig ned før store Steam-sal, samt utgjeving av AAA-titlar. Folk vil ha spel, så marknaden blir flauma over av gjenstandar, som pressar prisen ned. Dette er eit veldig godt tidspunkt for å kjøpe på, då prisane stort sett går tilbake til normalt etter nokre veker. Det same skjer før store Counter-Strike: Global Offensive-turneringar, der mange sel gjenstandar for å kjøpe klistremerker og «Souvenir»-gjenstandar.

Når det kjem til det konkrete salet av gjenstanden din, er CSGO Lounge det beste alternativet for handlar på nokre få nøklar, mens Reddit er best for litt dyrare gjenstandar. Alle plassar der ein sel gjenstandar er det viktig å få «kunden» sin merksemd. Ta gode skjermbilete av gjenstanden (gjerne i 4K-oppløysing), og bruk lokkande overskrifter. Tenk «click-bait».

Ynskjer du å likvidere gjenstandane dine, er Facebook-grupper som CsGo Norge eit godt utgangspunkt. Sel alt du har av gjenstandar og gjer dei om til nøklar. Deretter kan ein selje nøklane vidare for verkelege pengar. Dei norske Facebook-gruppene er det sikraste ein kan bruke, då ein får vite kven personane ein handlar med er. Det er dei som prøver seg på svindel her og, men mindre enn alternativa. Handling på desse gruppene skjer for det meste via Vipps.

Skal ein selje nøklar over nett via for eksempel Reddit, må ein vere særs forsiktig. Den einaste trygge valutaen for slikt er Bitcoin. Mange vil bruke betalingsløysingar som PayPal for slike transaksjonar, men det er veldig lett å reversere ein PayPal-betaling.

Prisstatistikk for Titan-klistremerke.
Skjermdump: Steam

Risikoinvesteringar

Spekulering i Steam-marknaden fungerer relativt likt aksjar, men ein smule meir intuitivt. Investering i marknaden er risikabelt, men har eit høgt oppteningspotensiale.

Det fyrste ein må gjere viss ein skal sjå på investeringsobjekt, er å tenkje litt over korleis marknadsprisen har utvikla seg. Steam har verktøy for å sjå prisutviklinga til alle gjenstandar sidan dei blei publiserte på samfunnsmarknaden. Merk at ein ikkje bør selje ting direkte på marknaden, for det er ein skatt på 15 prosent ved alle sal. Kjøp er greitt, men ikkje sal.

Denne rakkaren tente eg 5000 kroner på, på nokre veker. Nokre gjenstandar har til tider eksplosiv prisvekst.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein må sjå forskjell på det som er faktiske utviklingstrekk, og det som er ein trend. Som eit eksempel la Counter-Strike: Global Offensive-laget Titan opp for ikkje så lenge sidan, som gjorde at prisen på klistremerka deira fekk ein ekstrem prisvekst. Prisen på det vanlege klistremerket gjekk frå 12 kroner per stykk til 105 kroner på nokre dagar. Problemet var at marknaden for klistremerker har blitt veldig metta det siste året, og førespurnaden for Titan-klistremerka gjekk fort veldig ned. Folk forstod at prisen hadde stege for fort, og alle ville selje. Det blei alt for mange klistremerker på marknaden, som gjorde at prisen raste. På nokre dagar var klistremerket nede på 40 kroner, og no ligg det rundt 30. Tenkjer ein over dette eksempelet, ser ein at marknaden byggjer på eit av dei viktigaste elementa i økonomisk teori, tilbod og førespurnad.

Slik handel går på risikohåndtering. Det handlar om å vite når ein skal kjøpe, og kor lenge ein kan halde på gjenstanden for å oppnå mest mogleg profitt, utan å gå på ein smell. Sjølv om ein kanskje taper litt på kort sikt, kan ein tene pengar ved å ikkje handle med for stor risiko.

Skal ein investere med litt større summar må ein halde seg oppdatert på spelet. Då kan det vere greitt å fylgje med på nyheiter via for eksempel Reddit-forumet for Counter-Strike: Global Offensive, der nye hendingar blir publisert veldig fort (eller hos oss for den saks skuld).

Det finst også litt meir stabile investeringsobjekt. Eksempel på dette er «M4A4 | Howl», og «Katowice 2014»-klistremerka. Desse kan variere mykje i pris på kort tid, men har antakeleg ingen anna veg å gå enn opp på lang sikt. Det vil ikkje bli fleire av desse, og spelarbasen til Counter-Strike: Global Offensive veks. Fleire spelarar gir høgare førespurnad.

«M4A4 | Howl» blei fjerna frå våpenkassane grunna plagiat av eit kunstverk på våpenet. Dette gjorde at ein ikkje fekk tak i fleire enn dei som fanst på marknaden, og prisen gjekk fort opp. Då kraftnivået på M4A1-S-rifla blei justert i fjor, blei det klart at M4A4-rifla ville bli meir brukt igjen. Då gjekk prisen på «M4A4 | Howl» til himmels. Fleire av oss hadde sett at noko slikt ville skje, og mange tente godt med pengar på det.

Siste fra forsiden