Få den beste grafikken og ta dei flottaste skjermbileta

Fantastisk grafikk er berre nokre tastetrykk unna.

CD Projekt RED har vore klare på at det ikkje kjem meir innhald til The Witcher 3: Wild Hunt, anna enn nokre oppdateringar. Då må spelarane ta saken i eigne hender for å halde spelet relevant. Modifikasjonssamfunnet til The Witcher 3 har diverre vore døyande i takt med utviklarens avgjerd, men heldigvis er det visse eldsjeler som held stand.

Av og til kjem det nokre imponerande store modifikasjonar til spelet, som kan overhale grafikk, spelmekanikkar eller kva det måtte vere. Denne guiden vil fokusere på korleis ein kan få den absolutt beste grafikken, utan å bruke mykje tid på det.

Me vil gå inn på korleis ein kan få det ultimate grafikkoppsettet, og korleis ein tar flotte skjermbilete ved hjelp av programvaren NVIDIA Ansel.

Dei som ønskjer å lære korleis ein installerer modifikasjonar til The Witcher 3: Wild Hunt kan lese her. Me har tidlegare skreve guide om både generelle modifikasjonar og grafikkfilter til spelet. 

Optimalisert modding

Nokre få modifikasjonar kan drastisk endre utsjånaden til spelet.
Nokre få modifikasjonar kan drastisk endre utsjånaden til spelet. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein viktig ting å hugse på når ein installerer grafikkmodifikasjonar er at ein ikkje treng alle 8K-oppløysing skiltteksturmoddane. Det er fint mogleg å få eit enormt mykje betre resultat enn vaniljespelet med berre fem-seks modifikasjonar. Dette gjer at det blir mindre konfliktar mellom modifikasjonane, slik at ein slepp krasjing og store dropp i biletefrekvens.

Mange byrjar med å installere ReShade-modifikasjonar, som er særs lite ytingseffektive og sjeldan ser spesielt bra ut viss ein ikkje skreddarsyr dei sjølv. Det tar mykje tid, og går hardt utover biletefrekvensen.

Velen i solnedgangen.
Velen i solnedgangen. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det fyrste ein må gjere er å finne enkle modifikasjonar som har så stor innverknad på grafikken som mogleg. Dette byrjar med modifikasjonen Super Turbo Lighting Mod. Modifikasjonsforfattar «Essenthy» har gjort sitt beste for å omskape utsjånaden til spelet frå den fyrste E3-traileren i 2013. Modifikasjonen gir spelet eit mykje meir dystert og vakrare preg. Den utvidar også teiknedistansen ved å fjerne skodde i horisonten. Viss ein ønskjer å gjere det same utan dei dystre fargane kan ein installere modifikasjonen Extended View Distance. Underteikna har kombinert begge desse modifikasjonane, sjølv om dei eigentleg ikkje er kompatible. Dette skapar ein mørkare og meir fantasifull versjon av Super Turbo Lighting Mod med lengre teiknedistanse.

Den neste modifikasjonen ein treng er Supreme to Extreme Graphics Options, eller alternativt Ultimate Graphics Options Mod. Desse utvidar grafikkinstillingane i spelet med ei rekkje nye innstillingar over «Ultra», der ein kan gjere ting som skuggar, teiknedistanse og tettheit på flora særs mykje betre. Med alt på «Extreme» vil skjermkortet slite, men ein kan lett justere innstillingane til meir ytingseffektive alternativ. Ved å slå ned skuggeoppløysing og vassdetaljar kan ein få opp biletefrekvensen utan å miste merkbar kvalitet.

 

Så stor er forskjellen med berre tre modifikasjonar (modda versjon til venstre).

Modifikasjonane Increased LOD og/eller HD Reworked Project er òg obligatoriske. Desse pussar opp teksturane i spelet, og aukar detaljnivået. Det er mogleg at det blir ei konflikt mellom modifikasjonane, så dersom spelet ikkje lastar etter installering må ein fjerne ein av dei. Modifikasjonane vil hjelpe sjølv om ein speler i 4K UHD, og bør installerast uansett maskinvare. Dei har minimal innverknad på biletefrekvens.

Til slutt er det nokre mindre teksturmodifikasjonar som kan hjelpe til med å forbetre opplevinga av spelet. Mange legg merke til at andletet til karakterar som Ciri og Yennefer er mykje mindre definerte utanfor dialogscenane. High Quality Faces aukar kvaliteten på andleta til karakterane, på nivå med korleis dei ser ut i dialogscenar. 

WEATHER overhalar vêrteksturane i spelet med mykje meir realistisk regn og snø. Under stormar ser regnet i det vanlege spelet mest ut som malingsklattar, og denne modifikasjonen fiksar dette. 

Ei full liste over alle modifikasjonane ligg i skildringa til toppvideoen, men ein treng ikkje fleire enn desse for å få ein liknande utsjånad.

Ta dei beste skjermbileta med NVIDIA Ansel

Ansels synsvinkeljustering er veldig grei å ha.
Ansels synsvinkeljustering er veldig grei å ha. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eit av dei undervurderte seljepunkta til NVIDIA-kort er programvaren Ansel. Skal ein køyre The Witcher 3: Wild Hunt med mange grafikkmodifikasjonar, er det naturleg å leggje litt tid i å ta skikkelege skjermbilete. Ansel lar ein gjere dette på det desidert enklaste og beste viset.

Ansel har gått litt under radaren til mange, og me ønskjer difor å gi ei lita innføring i korleis ein brukar programvaren. Programmet er tilgjengeleg til ei handfull spel så langt, og The Witcher 3: Wild Hunt er eit av dei.  

NVIDIA Ansel lar ein ta skjermbilete i opp til 32 gongar oppløysinga til skjermen din (maks 4.5 gigapixel) med frikamera. Ved hjelp av oppskalering kan ein ta enorme skjermbilete sjølv med ein vanleg HD-skjerm.

Dei som eig eit NVIDIA-kort frå 600-serien og opp har automatisk Ansel installert dersom ein har NVIDIA GeForce Experience. Det einaste ein treng å gjere er å opne spelet og trykke på ALT+F2 for å få opp menyen.

Heretter kan ein enkelt justere synsvinkel, legge på effektar og velje kva type skjermbilete ein ønskjer å ta. Under «Resolution» veljer ein rett type skjermbilete, og deretter kan ein trykkje på «Snap» for å ta det.

Gamer.no har samla opp nokre av våre beste skjermbilete i 15K oppløysing her. Alle kan lastast ned i full storleik.

Programvaren lar ein òg ta skjermbilete i 360 grader som kan visast i VR. NVIDIA har eit galleri av 360-graders bilete her. Diverre er det berre mogleg å bruke programvaren på PCar med NVIDIA-skjermkort, men ein kan bruke modifikasjonar til å få frikamera og det er mange måtar å oppskalere grafikken på, som ved bruk av GeDoSaTo og AMDs Virtual Super Resolution. Dette tar meir tid, men ein kan oppnå det same. Dersom ein berre ønskjer frikamera, er det inkludert i alle modifikasjonar som gir tilgang til utviklarkonsollen, til dømes Debug Console Enabler

Skjermbilete med Ansel kan ha ekstremt høg oppløysing.
Skjermbilete med Ansel kan ha ekstremt høg oppløysing. Bilde: NVIDIA

Med ein 4K-skjerm med maksimal oppskalering kan ein ta skjermbilete på heile 27 GB, der ein kan zoome inn på dei aller minste detaljane langt bak i biletet. Ein må ha 27 GB ledig plass på harddisk for å ta slike bilete, men Ansel komprimerer dei ned til ein fraksjon av den storleiken når biletet er ferdig behandla. 

Det er nok sjeldan ein treng skjermbilete i 62K oppløysing, men Ansel gir ein moglegheita. Hovudbruken til Ansel vil vere å ta vanlege skjermbilete med frikameraet og oppskalere det til 4K UHD eller 8K UHD. Forskjellen på kvaliteten frå 1920x1080 HD til 4K UHD er stor. NVIDIA anbefalar Irfanview til å sjå på bileta, og viss ein skal laste opp bileta bør ein bruke nettsider som deviantART, då dei støtter opplasting av bilete opp til 80 MB.  

Les også: Desse Witcher 3-modifikasjonane gjer spelet betre. 

The Witcher 3: Wild Hunt Windows Windows XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. mai 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: CD Projekt
  • Utvikler: CD Projekt

Beste priser

På lager 249,- Til butikk
På leverandørlager 249,- Til butikk
Forventet lagerdato 276,- Til butikk
På lager 298,- Til butikk

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen