Guild Wars 2 går så det susar

Hausten blir lys og fager for gjengen bak nettrollespelet.

Det lenge etterlengta nettrollespelet Guild Wars 2 har teknisk sett ikkje vore tilgjengeleg for alle og ein kvar før i dag. Likevel er det mange som så langt har kosa seg med spelet. Gjennom fleire betahelger, og ikkje minst tidleg adgang sidan laurdag morgon for dei som har førehandskjøpt spelet, har det vore travelt på serverane til ArenaNet den siste tida.

No kan VG247 fortelje oss at Guild Wars 2 allereie har knust alle forventningane til ArenaNet. Over ein million spelarar har førehandkjøpt spelet, og over helga har over 400 000 av desse kriga mot udyr og beist i villmarka.

Skjermbilete frå Guild Wars 2.
Skjermbilete frå Guild Wars 2.

– Dette er kulminasjonen av ei fem år lang reise, og å bli mottekne med slik entusiasme frå fansen vår er utruleg, fortel Mike O'Brien.

– Men arbeidet vårt har berre starta. No går fokuset over til å byggje på denne levande verda vi har skapt. Vi vil kontinuerleg forbetre spelet og tenestene våre for å sørgje for at spelarane våre har ei best mogleg oppleving.

Vår mann Gøran kjem med sine endelege inntrykk frå spelet så snart han klarar å rive seg vekk lenge nok til å skrive nokre ord. Han har allereie kika på spelet tidlegare, og var svært entusiastisk:

– Guild Wars 2 har mykje positivt på lager. Den største fordelen, og det som skil spelet mest frå andre MMO, er at det er sosialt. Samhald og samarbeid med andre spelarar er utelukkande positivt. Dette gjeld alt frå små oppdrag langs landevegen, mektige fiendar som er for sterke for ein einsleg spelar, eller når man spelar verd-mot-verd-modusen. ArenaNet har greidd å skape ei kjensle av fellesskap eg aldri har opplevd i liknande spel.

Les også: Intervju: Guild Wars 2

Kommentarer (35)

Forsiden akkurat nå

Til toppen