Guitar Hero Live vil gje deg kjensla av å spele for eit ekte publikum

Activision vil gjere rockestjerner av folket.

Activision

Activision har i ei pressemelding tysdag avslørt eit nytt spel i sin tidlegare ekstremt populære Guitar Hero-serien. Guitar Hero blei i si tid utviklar av Harmonix, og blei starten på ei gyllen tid for musikkspela. Det nye spelet har fått namnet Guitar Hero Liv og blir utvikla av britiske FreeStyleGames.

Guitar Hero Live byr på radikale endringar for serien. Det heile spelast no frå førsteperson, og i staden for eit animert publikum vil du bli møtt av dynamiske filmopptak av ekte musikarar på ei scene framfor eit publikum som reagerer på det som skjer.

Den nye gitarkontrollaren byr på seks knappar.

Ei anna stor endring er ein heilt ny kontrollar som fjernar dei fem regnbogefarga knappane vi er kjende med frå før. Den nye kontrollaren byr i staden på to rader med tre knappar, og dette skal gjere det mogleg å emulere ekte gitarspeling i langt større grad enn kva som har vore mogleg før.

Ikkje bakoverkompatibelt

Den nye kontrollaren betyr at Guitar Hero Live ikkje blir bakoverkompatibelt med tidlegare spel i serien, og du vil måtte kjøpe all musikk på ny. Guitar Hero Live vil by på ei solid liste musikk i ei rekke sjangrar, og aktørar som The Black Keyes, My Chemical Romance, Skrillex og The Rolling Stones blir nemnde i pressemeldinga.

Guitar Hero Live vil i tillegg introdusere GHTV. Dette blir vi fortalt er eit nettverk for spelbare musikkvideoar som vil rulle og gå 24 timar i døgnet. Her vil spelarane kunne velje mellom fleire ulike kanalar som byr på diverse sjangrar. Dei kontinuerleg oppdaterte spelelistene skal ha som mål å introdusere spelarane for ny musikk, og gjere det mogleg å finne folk å konkurrere med om høge poengsummar.

Publikum set lite pris på slett gitarspeling.

Du treng ikkje vente for lenge på å få slå kloa i Guitar Hero Live. Spelet vil bli lansert på PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Wii U og diverse uspesifiserte mobile plattformer til hausten.

Gitarspela er tilbake

Det har vore vore ganske stille i musikkspelverda dei siste åra. Ubisoft har fått styre skuta ganske så aleine med sine herlege Rocksmith-spel, der målet er å lære deg å spele på ein ekte gitar. No er derimot ting i endring. Ikkje berre pustar Activision nytt liv i Guitar Hero-serien, men Harmonix er i full sving med Rock Band 4 som skal lanserast seinare i år.

Rock Band 4 vil støtte over 2000 nedlastbare låter frå seriens historie, og om du har kjøpt desse tidlegare, vil du kunne ta dei med deg vidare i det nye spelet.

Les også
Anmeldelse: Guitar Hero Live

Siste fra forsiden