(Bilde: Microsoft)

Halo 3: ODST kjem til Xbox One denne veka

Blir gratis for deg som spelte Halo-samlepakka før jul.

Lanseringa av samlepakka Halo: The Master Chief Collection blei eit mareritt for Microsoft. Det som skule vere ein hyllast til serien som sementerte Halo som ein viktig serie for Microsoft, vart lansert i ei form som gjorde det så godt som umogleg å kose seg med fleirspelarmodusen.

Microsoft og Halo-studioet 343 Industries har diska ut ei rekke oppdateringar til The Master Chief Collection for å bøte på problema, og sjølv om samlepakka no er i langt betre stand, er den framleis ikkje heilt utan problem.

Gratis spel som trøst

Halo 3: ODST blir pussa opp.
Halo 3: ODST blir pussa opp.

Som plaster på såret for alle som har slite med tekniske problem, fortalde Microsoft før jul at dei ville pusse opp Halo 3: ODST, og gi det gratis til alle som som hadde spelt The Master Chief Collection før 19. desember.

Via Eurogamer får vi no vite at Halo 3: ODST blir ei del av The Master Chief Collection førstkomande fredag 29. mai. Microsoft har ikkje stadfesta dette sjølve, men ein lekkasje frå Xbox Live viser tydeleg spelets dato, samt at det vil bli presentert i 1080p med 60 bilete i sekundet. Storleiken på spelet blir 8,1 GB.

Neste stopp for Halo og Master Chief er Halo 5: Guardians som får lansering 27. oktober. I dette spelet får vi ikkje berre ta styringa over Master Chief, men òg som den nye karen Spartan Locke. I Halo 5 får Spartan Locke oppdraget med å finne Master Chief som har forsvunne medan ein ny krig bryt ut.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen