Halo 4 er ferdig

Er du klar for å følgje Master Chief på atter eit tokt?

Etter at Microsoft og 343 Industries tok over Halo-sagaen frå Bungie har det vore enorme forventningar til kva resultatet ville bli. Vårt første skikkelege innblikk kom gjennom ein imponerande presentasjon under årets E3-messe. Spelet ser på alle måtar ut til å kunne bli ein maktdemonstrasjon frå Microsoft der dei viser kva den sju år gamle Xbox 360-konsollen er i stand til. No kan omsider VG247 fortelje at spelet er ferdig, og klart for trykken.

Ved sidan av å halde fram historia til Master Chief vil Halo 4 kome med mykje nytt for serien. Vi får heile ti nye våpen, mange nye køyrety, og ein heilt ny fienderase å kjempe mot. Den lettare mekaniske Promethean-rasen lovar å by på heilt nye utfordringar som vil tvinge deg til å lære nye måtar å spele Halo på.

Master Chief er klar for nye eventyr.

I tillegg til alt det nye som blir stappa inn i historia, får vi ei vidareutvikling av fleirspelarmodusen. Samtidig får vi nedlastbare oppdrag i form av «spartan ops». Microsoft vil lansere fem slike oppdrag kvar veke i heile ti veker, og dei kan spelast aleine eller saman med andre. Alle oppdraga blir dessutan gratis, og skal by på til saman opp mot tolv timar speletid.

Vi snakka med utviklarane av spelet tidlegare i år. Dei kunne fortelje at Halo 4 blir eit mørkare spel som verkeleg prøvar å fortelje historia til Master Chief:

– Når vi sette oss ned for å gjere eit nytt Halo-spel var det veldig openbart og naturleg å fortsetje på Master Chief si historie. Delvis fordi han er spelseriens hjarte og sjel, men også fordi at vi som spelarar sakna han. For oss er det to mål med å hente tilbake Master Chief. Det eine er å gje spelaren ei veldig intuitiv oppleving av å spele Chief – korleis får ein nokon til å føle seg som ein 400 kilos Spartan-soldat med tanke på hans styrke og atletiske evner?

Alt vi kan gjere no er å vente med tolmod til lanseringa skjer den 6. november.

Sjekk vår spelkalender for å halde deg oppdatert på dei ferskaste lanseringsdatoane.

Les også: Anmeldelse: Halo: Combat Evolved Anniversary Les også: Anmeldelse: Halo Reach

Siste fra forsiden