Halo-samling får massiv lanseringsoppdatering

Men allereie i dag kan du setje i gong nedlastinga.

Om du er ein av dei mange som ventar glupsk på Halo: The Master Chief Collection på Xbox One, kan det vere lurt å hive seg rundt. I ei pressemelding har Microsoft fortalt at dei vil sleppe ut ei stor oppdatering på heile 20 GB.

Grunnen til den strengt tatt enorme oppdatering er at The Master Chief Collection fyller heile Blu-ray-plata på 45 GB, og vel så det. I staden for å inngå kompromiss, har utviklarane hos 343 Industries valt å dytte det resterande innhaldet over i ei eiga oppdatering.

Dei gode nyhenda er at du ikkje treng vente til oppdateringa er ferdig installert før du startar spelet. Kampanjane til dei fire Halo-spela som følgjer med i The Master Chief Collection vil vere spelbare umiddelbart. Oppdateringa byr i hovudsak på fleirspelarinnhald, og kan lastast ned allereie i kveld, slik at du er klar i god tid før lanseringsdagen som er 11. november.

Komplett Halo-kvartett

Halo 2 får seg ein solid finpuss i The Master Chief Collection.
Halo 2 får seg ein solid finpuss i The Master Chief Collection.

Halo: The Master Chief Collection er ei samling av dei fire spela om Master Chief. Det vil seie at vi får Halo: Combat Evolved, ein nyoppussa versjon av Halo 2, Halo 3, samt Halo 4. I tillegg til å by på desse fire kampanjane vil pakka late oss spele samtlege fleirspelarkart som er laga for spela, noko som har resultert i over 100 ulike kart.

Spelet vil la oss skreddarsy opplevinga sjølv. Om du ikkje vil spele gjennom alle kampanjane frå start til slutt, kan du i staden veljeå umiddelbart velje mellom alle nivå frå dei fire spela. Du vil òg kunne lage eigne spelelister basert på kriterier som til dømes nivå med fokus på køyrety eller spesielle våpen.

Ved sidan av dette har utviklarane skrudd saman eit spanande system for å filterere prestasjonar. Du vil kunne enkelt bla gjennom alle prestasjonar du ikkje har låst opp, og så velje nivå som byr på utfordringar godt eigna for å låse dei opp.

Sjølv om ein kanskje skulle tru Halo: The Master Chief Collection ville vere i stand til å mette dei fleste Halo-fans i år, har Microsoft meir Halo i vente. 12. desember lanserer dei stikkeskytaren Halo: Spartan Strike på Windows 8-plattformer.

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen