Anmeldelse

Halo 2

"Det er stille før stormen." Det har kanskje ikkje verka slik, Halo 2 har så skyhøge forventningar at det knapt kan samanliknast med noko anna. Likevel, det har vore stille før stormen, du har inga aning om kva som ventar.

Side 1
Side 2
Side 3

Kongen av Xbox Live Xbox Live-delen av Halo 2 er sjølvsagt noko av det folk har sett mest fram til, og den skuffar absolutt ikkje. Det er veldig lett å kome i gang. Frå menyen kan hoppe rett inn i eit spel, velgje kva type spel du vil spele, eller starte kampar med vener eller klanen din. Det er aldri noko problem å finne nokon å spele med, men det er litt synd at spesifikasjonane du kan setje for å finne eit spel, begrensar seg til alle mot alle, eller lagspel av forskjellige størrelsar. Dette fører til du til dømes ikkje kan unngå å måtte spele modusar du ikkje er glad i. For å Skreddarsy ein kamp må du invitere folk, og dette er ikkje noko problem. Det blir uansett mykje meir moro når du spelar med dei same folka om igjen, sidan det blir lettare å finne ut kva lagets sterke og svake sider er.

Bretta du har å velje mellom varierar både i størrelse og design. Ein ting du vil raskt legge merke til er at designen på dei er veldig god. Visse kart er bygd opp som speilvendte versjonar av kvarandre, der alle har dei same forutsetningane uansett kvar dei dukkar opp, og desse banene er veldig populære for modusar som Capture the Flag og Assult. Andre brett er bygde opp på ein meir dynamisk måte, der du kan finne ei plattform i ein ende, og eit tårn i eit anna. Ein del av desse bretta har spesielt gode posisjonar om du likar å plukke ned folk frå avstand, men har samtidig opningar som lett kan avsløre deg, og gjere deg sårbar ovanfor eit bakholdsangrep. Du er absolutt aldri trygg, uansett kvar du oppheld deg, og dette skal Bungie ha ros for, sidan du unngår at personar står på ein stad og plukkar ned folk godt utanfor fare.

Dei fleste banene har også spesielle samlingsstadar der det ligg svært gode våpen, som energisverdet til Covenant. Dette er eit usannsynleg kraftig våpen, og gjer deg nærmast uovervinneleg i nærkamp. Fella med dette våpenet er at fienden kan skyte på deg i lang tid før du kjem nær nok til å hakke dei ned. Om du likar ei bane, men ikkje våpena du finn der, kan du sjølvsagt stille inn alt dette sjølv når du startar ein kamp. Alt frå spesielle reglar, til våpen og køyretøy du finn på kartet er berre nokre knappetrykk unna.

Ein ting ein dessverre sjeldan unngår i slike spel er folk som juksar, eller øydelegg for laget sitt. Bungie har allereie retta opp i feil som kan gi folk urettferdige fordelar. I tillegg kan du kaste folk ut frå eit spel om dei snur seg mot deg. Om ein lagkamerat drep deg, vil du kunne eliminere han frå laget ved å halde inne X. Kort og godt finn du ikkje betre fleirspelar-spel til konsoll enn Halo 2. Det er svært enkelt å kome inn i, og eit ranking-system sørger for at du stort sett unngår å hamne i kampar med folk som er suverent betre, eller dårlegare, enn deg sjølv. Om du skulle ynskje kan du også finne detaljert statistikk over alle kampar du har vore med i på Bungie.net. Om du skulle vere av den oppfatning av at kampanjen er for kort, er det på Xbox Live Halo 2 kjem til å vakse seg gammal.

Konklusjon Med Halo 2 har Bungie prestert det få trudde var mogleg. Halo 2 er eit mykje betre spel enn Halo, og knuser forgjengaren på alle frontar. Det Bungie og Microsoft leverer oss er eit spel som innfrir alle forventningar du på nokon måte kunne ha, og som i tillegg heile tida gir deg enda litt meir. Det er eit spel du ikkje greier å legge vekk, du vil ikkje legge det vekk, for det er ingenting du heller vil gjere. Historia er av episke proporsjonar, og om ikkje den fantastiske underhaldninga spelet byr på skulle vere nok, vil du bli sittande litt til berre for å få med deg kva som skjer. Halo 2 er magi, det er eit eksempel på at kvalitet slår kvanitet når som helst. Det har aldri vore ei betre tid å vere spelar.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden