Sniktitt

Halo 3

Du blir kanskje ikkje imponert over det du ser når du hoppar ut i ein kamp i Halo 3-betaen for fyrste gong. Vi har sett ei rekke med veldig imponerande spel i det siste, og det skal meir og meir til for å tilfredstille folk. I denne situasjonen er Halo 3 eit spel ein forventa seg meir av. Samtidig er det litt vanskeleg å vere kritisk til noko som eigentleg ser veldig bra ut. Lyset er flott, modellane er flotte, og om du drar fram Halo 2 for å samanlikne er forskjellane treffande.

Det må óg seiast at dette er ein fleirspelar-beta. I Halo 2 var grafikken i fleirspelar-modusen nedtone, av den enkle grunn at ting skal flyte så glatt som mogleg. Det er det her óg, så det ferdige spelet vil nok sjå nokre hakk betre ut når du spelar gjennom historia. Det er likevel nokre ting som verkeleg imponerar. Det heile ser mykje større ut, det er meir truverdig lyssetting, og vatnet er definitivt noko av det betre. Sjølv om det ikkje akkurat reagerar stort om du plaskar rundt i det.

Likevel er alt dette irrelevant. Halo 3 er ikkje etterlengta grunna det visuelle. Denne delen er sjølvsagt viktig, sidan Halo-serien heile vegen gjennom har køyrt ein stil med sterke fargar og forseggjort design. Men det er ikkje dei grafiske nyvinningane som får deg til å kjenne igjen Halo. Det er fantastisk gameplay. Halo-serien har karra seg veg mot toppen av pallen gjennom velpolert gameplay, og eksemplarisk nivådesign.

Er kongen tilbake?

I Halo 3-betaen får vi endeleg sjå kva Bungie har brukt tida si på. Alt i alt er det lite nytt å spore. Det er meir av det same gamle fantastiske spelet, og det skal eigentleg godt gjerast å ynskje seg meir. Allereie i betaen sit alt som ein forventar, og dei nye bretta viser raskt sine skjulte moglegheiter. Har du spelt Halo før, vil du raskt kunne hoppe inn i eit spel som om du aldri har gjort noko anna.

Dei tre bretta vi får prøve oss på er alle av svært forskjellig natur og storleik. Det første er Snowbound, som puttar deg rett inn i eit kaldt snølandskap der kampane er hektiske og sentrerte rundt nokre tårn i midten av kartet. Under jorda er det fullt av gangar som kan redde deg i eit sekund, men kan bli døden din i det andre.

Snowbound-kartet demonstrerar blant anna dei nye kraftveggane i spelet. Desse veggane kan du springe gjennom, men det er alt. Alle kuler vil bli stoppa, og granatar vil sprette tilbake. Dette åpnar for dei største nyvinningane i spelet. Ved å utnytte desse veggane, vil du kunne lure motspelaren trill rundt. Om nokon spring etter deg, kan du til dømes kaste ein granat rett framfor deg før du når kraftveggen. Du kan då springe gjennom, medan granaten med stor sikkerheit vil gå av i andletet på fienden.

Denne funksjonaliteten gjeld óg for det nye bobleskjoldet. Dette er eit portabelt skjold du kan plante der du måtte ynskje, og det fungerar på same måte som kraftveggane. Du kan til dømes kaste frå deg skjoldet, slenge ned ein granat i det fienden er innanfor rekkevidde, for så å hoppe ut i det eksplosjonen går av. Dette skjoldet kan utnyttast til fleire ting. Om nokon til dømes skyt mot deg frå lang avstand, kan du bruke dette for å beskytte deg sjølv medan du kjem deg i sikkerheit.

Kart nummer to er High Ground. Dette er eit gulbrunt kart i eit støvete ørkenlandskap. I den eine enden ligg havet, medan på toppen av bakken ligg ein militær base. Dette kartet er ideelt for Capture the Flag, der det eine laget beskytter basen mot det andre laget. I basen er det fullt av gangar og korridorar som sørger for at du aldri heilt kan slappe av, men samtidig kan gi deg sjansen til å sende laget ditt inn for eit frontalangrep.

Ironisk nok er det største kartet det som tidvis er det mest hektiske. Sjølv om betaen så langt kun støttar åtte spelarar (Bungie har annonsert ei oppdatering for tolv spelarar) er Valhalla eit kart som konstant sender deg inn i intense kampar, uansett kor langt frå krigssonene "spawn"-punkta skulle befinne seg. Kartet er langt og vil lett kunne kreve at du må ta beina fatt, om det ikkje hadde vore for Moongoose – den nye kjerra i spelet – eller luftkatapultane, som står på ein base i kvar ende av kartet. Desse katapultane sender deg flygande omlag midtvegs inn i kartet, og det er der kampane plar dukke opp. Strategisk plassert ved dette punktet finn du ei stasjonær mitraljøse, men denne kan du plukke ned og bære med deg som ein anna villmann.

Våpenkraft

Dei fleste våpena i spelet vil du kjenne igjen frå før, men det er likevel ei solid rekke med nye verkty for å rive armar og bein frå kvarandre. Ei av dei store nyheitene er at du no kan ha med deg tre typar granatar. Den nye granattypen er eit piggete beist frå brutane som blei introduserte i Halo 2. Om du kastar denne granaten vil den sende piggar i alle kantar, noko som er veldig dødbringande.

Som eit resultat av at du no har tre granattypar å velje mellom, kan du kun ha med deg to av kvar sort, i motsetning til fire som var maksgrensa før. Ironisk nok betyr dette at du no har eit maksimalt antal på seks granatar med deg, to mindre enn før altså. Eit anna nytt våpen frå brutane er ein pistol som skyt skarpe piggar. Denne er liten, og du kan ha to av den samtidig, men den skyt i eit ekstremt tempo, og kan gjere stor skade om du brukar den riktig.

Det mest interessant av dei nye våpena er utan tvil laservåpenet. Dette er ein treig koloss som brukar veldig lang tid på å fyre av eit skot, men når du først får utført operasjonen, vil du utføre skade som får alt innan rekkevidde til å lukte av svidd gummi. Sidan denne er veldig treig, vil du naturleg nok vere veldig utsatt når du brukar den, så det gjeld å velje tidspunkt med omhu.

I tillegg til nye våpen har vi den berykta utskiftinga av X-knappen. Før blei denne brukt til å lade om våpen med, men no har den fire andre funksjoner. Det eine er bobleskjoldet eg nemnde tidlegare, dei tre andre er ei lufttrampoline, ein sendar som sug bort skjoldet til dei som kjem nær nok, og ei mine du kan bruke for å slenge ut feller der det passar seg. Lufttrampolina er spesielt nyttig, sidan du kan bruke den til å blant anna hoppe over høge veggar for å kome deg inn i område som elles er godt bevokta.

Konklusjon

Det er ingen tvil om at Halo 3-betaen hintar om kven som kjem til å bli kongen på Xbox Live i høst. Bungie har vidareført alt som gjorde dei første spela så fantastisk underhaldande, og slengt inn nokre nye detaljar for å skape enda meir intensitet og kjapp strategi i kampane.

Det er likevel lite nytt å spore her. Dei første inntrykka får det til å sjå ut som om det var større forskjellar mellom Halo og Halo 2, enn kva det er mellom Halo 2 og Halo 3. Det ser likt ut, og det oppfører seg likt. Men det er eigentleg frykteleg vanskeleg å være negativ sidan det er så uforskamma underhaldande. Det er ingen tvil om at Halo 3-betaen er ein stor og saftig smakebit på det som garantert kjem til å bli eit stort spel på Xbox 360 i år. Lanseringsdato er 26. september.

Kommentarer (41)

Forsiden akkurat nå

Til toppen