Anmeldelse

Halo 3

Master Chief er den ultimate helten. Han er anonym nok til at du lett kan identifisere deg med han, men barsk nok til at du vil vere han òg. Han er høg som eit fjell, sterk som ein passe stor flokk med elefantar, og gliset breiar seg om andletet medan fiendane skrik «demon» når du fyrer brennheite salver frå ein passe stor kanon.

Se trailer fra Halo 3

Vis større

Trailer: Halo 3


Master Chief er tøff. Han seier ikkje eit ord med mindre han må, for kva skal ein vel med ord? Kva skal ein med ord når ein kan stappe det kalde metallet frå ei rifle djupt inn i panna på ein gorilla frå det ytre rom? Svært lite. Du trykker inn avtrekkaren og lar det stå til. Ingen køddar med Master Chief.

Halo har blitt større. Områda du kjempar deg gjennom har ei heilt anna kjensle av skala enn kva vi er vande med. Du vil finne eit solid blanding av store åpne sletter med bakker og klippekantar, men òg trange passasjar der kampane blir tette og intense. Dynamikken og balansen mellom dei to er så velpolert at ein aldri eigentleg legg merke til overgangen. Alt kjennest naturleg, det er truverdig, og verda i si heiltheit er mykje lettare å ta inn.

Sjølv om historia i spelet er noko du skal få finne ut av sjølv, er det mange ledd i historia som praktisk talt krev at sjølve krigsarealet er større. Det er almennt kjent at Covenant har besøkt jorda, og om du hugsar strofer frå E3-traileren frå i sommar (se videovindu), blei det hevda at jorda vår skal omgjerast til glas. Det er difor ikkje ei stor overrasking at vi vil få ta del i ei rekkje enorme slag som blåsar hovudet av alt vi har sett tidlegare i serien. Du kan vente deg intense kampar der fleirfoldige stridsvogner og køyrety kjempar mot kvarandre. Du må til dømes øydeleggje den enorme Scaraben, som med sine fire bein ragar høgt over hovudet ditt. Det er veldig mykje større enn før.

Oppgradert våpenarsenal

I Halo 3 har du òg eit enda større våpenarsenal enn før. Mange gamle klassikarar er tilbake, men ei rekke nye våpen er blanda inn i miksen. Dei nye våpena kjem først og fremst frå brutane. Denne rasen med gorilla-liknande beist blei introdusert i Halo 2, men kjem først til sin fulle rett i Halo 3. Dei er store, brutale, og har nokre våpen som rett og slett vil rive motstandaren sønder og saman, der du høvlar over fiendane som ein grasklippar med (for anledninga) påmonterte jetmotorar. Eit eksempel på dette er den nye kjerra dei har med seg. Brute Chopperet er slik ein motorsykkel skal sjå ut om eg nokon gong skal setje meg i ein. Å frontkollidere med eit slikt beist er som å be om å få sove i ei kiste.

Det er uansett ikkje dei nye køyretya som byr på dei feitaste nyheitene. Brutane kjem med ein pistol som skyt piggar, og denne flerrar opp det meste på ganske kort tid. Ein liten èihands-kanon er eit anna våpen du raskt kan bli glad i. Eit våpen som i Halo 2 var ganske ubrukeleg etter mitt syn er òg tilbake; Brut Shot sine granatar sprett ikkje lengre vidare som ein ball, men det er til gjengjeld mykje meir tilfredstillande å bruke den. Med auka kraft og større presisjon er den ypperleg til å plukke ned fiendar som er eit stykke unna.

Det meste av våpna elles vil vere gammalt nytt for dei fleste, sjølv om dette på ingen måte er noko gale. Den største nyvinninga på våpensida kjem i form av stasjonære våpen. Desse kan du plukke med deg, og sjølv om magasinet ikkje lengre varar evig, er det så stor kraft i desse våpena at dette definitivt er noko du vil gjere ofte. Når du plukkar opp eit slikt vil kameraet skifte til tredjeperson, og du vil gå litt tregare, men det gjer eigentleg ingenting når det er ytterst få ting som vil klare å kome nær nok til å røre deg. Eit våpen som ikkje er stasjonært, men som fungerar på same måte, er flammekastaren. Denne skapar raskt eit inferno av flammar rundt deg, og fy så moro det er.

Går Batman ein høg gang

I Halo 3 vil du kunne snu kva som skjer på slagmarka ved hjelp av mange nye leikety. Alt frå skjold til energifelt kan brukast når du får behov. Eit av dei mest nyttige er «Bubble Shield». Dette skjoldet er, som namnet tilseier, ei boble. Denne bobla kan kven som helst springe gjennom, men ingen skot eller granatar vil følgje etter. Noko liknande er eit skjold du kan setje opp for å beskytte deg. Til motsetning frå bobleskjoldet vil du ikkje kunne springe gjennom det, men du kan skyte gjennom hvis du står på riktig side. Frå den andre sida kjem ingenting gjennom.

Desse to verktya er gode til forsvar, og bobleskjoldet er eksepsjonelt for å verkeleg snu ein konfrontasjon på hovudet, men du har mange andre leikety du kan bruke for å få fart på ting. Til dømes har du eit energifelt som konstant vil regenerere skjolda dine. Ved å stå innanfor området til denne, vil du praktisk talt kunne plante beina dine i bakken medan du lagar kjøtdeig av alle fiendane dine. Om fiendane er eit stykke unna, og du har eit saftig våpen mellom henda, er dette gull verdt. Miner og nokre små trampoliner du kan bruke for å nå høgre område, er andre døme på artige ting som både kan gi deg, og ta frå deg kontrollen i ein kamp på eit blunk.

Enten du spelar gjennom historia, eller deltar i fleirspelar-kampar, er desse tinga alltid like nyttige. I kampanjen vil fiendane bruke dei like mykje som deg, og du må alltid vere obs på at ting kan snu brått. Generelt sett gjer fiendane meir ut av seg enn før. Du vil ofte finne skvadronar med fiendar der ein store brute har kommandoen. Ved å drepe denne vil panikken spre seg blant dei små undersåttane.

Den kunstige intelligensen i Halo 3 er jamt over temmeleg bra, og fiendane vil antageligvis ta innersvingen på deg meir enn ein gong. Du vil sjeldan erfare at dei fylgjer etter deg over lengre avstander, men dette er ikkje nødvendigvis eit teikn på at dei er dumme. Dei held seg gjerne innanfor eit bestemt område, og let deg gå om du er utanfor rekkevidda deira. Når du først er i kamp kan du lett hamne i trøbbel om du ikkje tenker smart, og dette gjer det ofte nødvendig å trekke seg tilbake for å samle seg sjølv, og finne ein ny infallsvinkel. At du ikkje blir jaga kontinuerleg er i så måte til stor hjelp.

Allierte uten retningssans

Det skjer likevel at den kunstige intelligensen ikkje er heilt i toppform. Dei beste eksempla på dette kjem gjennom dine allierte soldatar. Om du skulle vere vågal nok til å la ein alliert soldat køyre bilen for deg, vil du raskt leggje merke til at dei ikkje er så flinke til å finne vegen. Berre det å køyre rundt ein stein byr ofte på store problem der rygging og køyring i Austin Powers-stil raskt blir resultatet.

Eg har i tillegg erfart å hamne i ein kjedekollisjon. Eg sat på i ein bil som køyrde utfor ein skrent og sette seg fast mellom ein bratt bakke og eit tre. To andre allierte kom hakk i hel og sette seg fast bak han. Det kan sjå ut til at dei kun handlar utifrå å følgje deg, og ikkje tenkjer utover det. Andre gongar kan dei allierte finne på å stoppe opp, utan å gjere noko meir. Dette er ikkje ting som øydelegg spelet sidan du kan klare deg utmerka utan å bry deg med dei, men det dreg deg litt ut av den gode stemninga resten av spelet byggjer opp.

Difor bør du gi blanke i dine allierte og heller spele saman med andre. Halo 3 har ein samarbeidsmodus for opp til fire spelarar, og dette får raskt stor betydning for spelet. Å spele saman med andre gjer spelet lettare og meir action-orientert. Du må ikkje tenkje over handlingane dine i like stor grad som når du er aleine, og dette vil fullstendig forandre erfaringa di. Om du vil på heisatur bør du spele saman med andre, men om du vil slite litt, og smake dei sure konsekvensane av dårlege val, bør du spele aleine.

Halo 3 X360 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. september 2007
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Bungie

Kommentarer (122)

Forsiden akkurat nå

Til toppen