Halo 3 annonsert

Ikkje heilt uventa blei Halo 3 avslørt på slutten av Microsoft sin pressekonferanse i dag. Videoen som blei presentert viste at jorda har blitt fullstendig invadert av Covenant, der store romskip suste over eit aude landskap. Ein einsam Master Chief steig ut av ei røyksky og såg utover eit enormt krater, der ein enorm struktur steig opp av jordskorpa. Ein kunne også sjå Master Chief sin makker Cortana i flyktige glimt, der det kunne sjå ut som om ho prøvde å kontakte Master Chief.

Heile videoen er rendra frå spelets grafikkmotor, og viser spelet slik Bungie hevdar det vil sjå ut. Det er få som burde ha noko å klage på her. Master Chief ser betre ut enn nokon gong, og det ser ikkje ut til at han har blitt redesigna på nokon måte slik tilfellet var med Halo 2. Videoen viser dessverre ingenting frå sjølve spelet. Om du er ein av dei som har hatt eit ope auge med oppdateringane på Bungie.net, har du kanskje fått med deg kva dei har sagt om sitt neste prosjekt (som inntil i dag har vore utan namn). Blant anna hevdar Bungie at spelet vil innehalde ein svært avansert kunstig intelligens, ny fysikk og feite nye spelmekaniske element.

Musikken er atter ein gong ved Marty O’Donnel, som har komponert musikken til både Halo og Halo 2. For E3-videoen blei eit seksti-manns orkester leigd inn, og målet med musikken har i følge Bungie vore å skape ei slags uro for sjåaren, før lengsel og stoltheit skal velle over deg i det Master Chief viser seg for første gong. Om dei har nådd målet sitt kan du bedømme sjølv ved å ta ein kikk på videoen. Du kan finne den på Xbox Live Marketplace, og ved å klikke deg inn på Bungie si heimeside.

Halo 3 blir det siste og avsluttande spelet i triologien, og skal lanseres på Xbox 360 i 2007. Vi har de fem første skjermbildene i vårt bildegalleri.

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen