Har du ein psykopat i magen?

Hatred tøyer grensene for valdeleg innhald i eit spel.

At vald i spel kan vere eit kontroversielt tema er ikkje noko nytt. Få spel er likevel så fokuserte på vald for valdens skuld som Hatred frå polske Destructive Creations. I dette spelet tek du på deg rolla som ein drapsmann som hatar alt og alle. Spelet blir skildra som skrekk, men der du er fienden i staden for helten.

Hatred er eit isometrisk skytespel der du får vandre rundt på hemntokt utanfor New York, og vil lanserast på PC i løpet av andre kvartal neste år. Kva mål og meining du har med å utføre massedrapa utover å berre ville sjå folk blø, er det ikkje heilt lett å få tak på. Tanken bak kan sjå ut til å minne om Postal-serien, men utan humor.

Den korte oppsummeringa forklarar hovudpersonen som ein person som hatar verda, og kjenner svært lite utanom hatet som pulserer gjennom kroppen hans. Ingen liv er verdt å redde. Målet er utelukkande å drepe så mange han kan, samt døy ein valdeleg død.

Rein underhaldning

Ingen slepp unna i Hatred.

I pressemeldinga vi har blitt tilsendt forklarar det ferske utviklarstudioet frå polen at ideen til spelet kom som eit resultat av at dei ville lage ei motvekt til stadig fleire høflege, fargerike og korrekte spel som prøvar å vere kunst i staden for berre underhaldning.

Spørsmålet er om utviklarane kanskje går hakket for langt i Hatred. I den første traileren frå spelet kan du sjå hovudpersonen meie ned både sivile og politifolk på svært brutale måtar. Om spelet vil stilne debatten rundt vald i spel er heller tvilsamt.

Kva meiner du? Er dette uskuldig underhaldning for å få utløp for litt aggresjon, eller kryssar Hatred ei ufin grense? Du kan sjå sjølv i traileren nedanfor, og gjere deg opp di eiga meining.

Siste fra forsiden