Hearthstone-utviding kjem allereie neste veke

Goblinar og gnomar gjer seg klare til å skape uro i Blizzards kortspel.

Under BlizzCon for nokre veker sidan hadde Blizzard fleire kunngjeringar å kome med. Størst merksemd fekk det nye spelet Overwatch, men mange blei minst like glade for å høyre at ei ny utviding er på veg til Blizzards svært populære kortspel Hearthstone, før året er omme.

I dag har Blizzard avslørt nøyaktig når vi kan vente oss fleire kort å knuse motstandarane våre med. Allereie neste veke kjem utvidinga som har fått namnet Hearthstone: Goblins vs Gnomes. Nærare bestemt, blir goblinar og gnomar tilgjengelege på Windows, Mac og iPad frå og med 9. desember.

Mange nye kort

Blizzard har skapt enda ein suksess med kortspelet Hearthstone.

I Hearthstone: Goblins vs Gnomes får vi over 120 nye kort. Desse kan du lage, kjøpe eller vinne gjennom kampar mot andre spelarar. Blant dei nye korta finn vi naturleg nok ei rekke kort som baserer seg på kva gnomar og goblinar er kjende for i Warcraft-universet; å bygge ting. Nye «mech»-kort med massiv robotmaskiner på byr til dømes på ei synergieffekt der fleire kort av denne typen kan gje bonusar til kvarandre.

Alternativt kan du satse meir på å skape kaos ved å rive deg bort frå den mekaniske verda ei stakka stund. Om du spelar eit kort med ein stor, tung og dum ogre på, er sjansen stor for at han angrip feil fiende.

Hearthstone: Goblins vs Gnomes er enno ikkje tilgjengeleg på Android, men Blizzard har tidlegare lova at det skal bli tilgjengeleg der før året er omme. Tar utviklinga lang tid fordi Blizzard er hekta på sitt eige spel?

Siste fra forsiden