Heavenly Sword-demo på torsdag

Den sverdsvingande heltinna Nariko kjem til PlayStation Network i demoformat.

Sony har bekrefta ovanfor Eurogamer at ein Heavenly Sword-demo vil bli tilgjengeleg for nedlasting via PlayStation Network frå og med torsdag. Heavenly Sword er eit actionspel frå britiske Ninja Theory der du trer inn i rolla som den spenstige heltinna Nariko.

Skjermbilde frå Heavenly Sword

Spelet vil kaste deg inn i både intime kampar med nokre få fiendar, til store slagmarker der du kjempar mot enorme hærskarar. I tillegg til hektiske sverdkampar, vil spelet la deg bruke SIXAXIS-kontrollaren sin vippe-funksjon til å styre rakettar inn i uvitande grupperingar med fiendar.

I følgje utviklarane er spelet fysikkbasert, noko som vil la deg bruke områda rundt deg som våpen. I tillegg vil vanskegrada skalere etter ferdigheitsnivået ditt, slik at du vil kunne ha det like moro uansett om du er nybyrjar med spel, eller ein erfaren gamer.

Filmsekvensane i spelet er utvikla i samarbeid med Andy Serkis og WETA Studios. Andy Serkis er best kjent som Gollum i Ringenes Herre-filmane, men spelte òg monstergorillaen Kong i Peter Jackson sin King Kong-film. WETA Studios har stått bak spesialeffektane i både Ringenes Herre-filmane og King Kong.

Heavenly Sword kjem ut til PlayStation 3 i september.

Siste fra forsiden