Heavenly Sword-demo snart

Heavenly Sword er eit action-eventyr som kastar deg ut i intense kampar som den barske jenta Nariko. Spelet har blitt samanlikna med til dømes God of War, og om spelet lev opp til forventningane, har vi nok noko stort i vente.

Utviklerdagbok: Heavenly Sword

Vis større

Utviklerdagbok: Heavenly Sword


Snart kan vi få eit innblikk i dette sjølv. Mat Hart, sjefsprodusent på Heavenly Sword, har bekrefta i ein blog på IGN.com at det snart kjem ein demo:

– Eg kan bekrefte at vi sjølvsagt vil gi ut ein demo av Heavenly Sword, og det snart!

Ikkje berre kjem den snart, men Mat Hart gjentar to gongar at vi kan forvente den i veldig nær framtid. Demoen vil bli tilgjengeleg på PlayStation Network. Med årets E3 kun ei veke unna, er det ikkje vanskeleg å få ein viss idè om når den vil dukke opp.

Neste veke vil Microsoft setje i gong med sitt «Bringing it Home»-initiativ, der dei vil la folk laste ned demoar og videoar frå komande spel. Forhåpentlegvis er dette eit lite teikn på at Sony har planar om å gjere det same.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen