Heile Beyond: Two Souls kan spelast med mobilen

David Cage vil inkludere dei som ikkje er fødde med ein handkontroll mellom henda.

Alle har ikkje like lett for å handtere spel. For eit godt døme på det treng du berre dytte ein handkontroll inn i nevane på ein person som aldri har tatt i eit spel før. Sjansen er stor for at han eller ho vil slite ein del i starten, og desorientert vri kameraet rundt seg.

Dette har franske Quantic Dream tatt konsekvensen av i sitt komande storspel Beyond: Two Souls. Der kan du faktisk spele heile spelet med ein app du lastar ned til iOS- eller Android-mobilen din. Heile spelet kan spelast med berre ein finger. Dette fortel Eurogamer i dag.

Ellen Page i rolla som Jodie Holmes.

Vil inkludere ikkjespelarane

Grunnen til at David Cage og teamet hans har valt å lage denne løysinga er observasjonar dei gjorde gjennom brukartestar. Der oppdaga dei at fleire spelte saman med ein ven, kjæreste eller eit familiemedlem. Den andre «spelaren» var ofte svært aktiv i å bestemme kva som skulle gjerast, men tok ikkje aktivt kontroll over spelet sjølv.

For å gjere det lettare for desse spelarane å innvolvere seg direkte kom dei på ideen med å lage eit kontrollsystem for mobil. På denne måten vil dei fjerne alle potensielle hindringar som skulle stå i vegen for å kunne få med seg historia. I tillegg til mobil kontroll kjem spelet med ein fleirspelarmodus der ein spelar tek kontroll over hovudpersonen Jodie Holmes, medan ein annan styrer spøkjelsesvenen hennar Aiden.

Kva trur du om Quantic Dream sine forsøk på å inkludere flest mogleg i den interaktive verda?

Beyond: Two Souls kjem i sal for PlayStation 3 11. oktober.

Les også: – Dataspill har mye å lære av film Les også: – Setter ikke pris på at de «stjal» utseendet mitt

Siste fra forsiden