Hentar japanske indiespel til Europa

Kickstarter kan brukast til meir enn å finansiere etablerte utviklarar.

Kickstarter har vore eit enormt fenomen det siste året. Er du over gjennomsnittett oppteken av spel skal det godt gjerast å ikkje ha fått med seg dei massive suksessane til Project Eternity frå Obsidian Entertainment, Torment: Tides of Numenera frå inXile, og spelet som starta alt; det nyleg namngitte Broken Age frå Double Fine.

Det er derimot ikkje berre kjende namn som prøvar lukka på si på Kickstarter. Det vesle britiske selskapet Nyu Media lanserte i går ein Kickstarter-kampanje for å oversetje dei japanske kulehelvetespela i trilogien The Tale of ALLTYNEX frå indiestudioet Siter Skain til Europa.

Triologien består av spela ALLTYNEX Second, RefleX og KAMUI. Alle spela byr på velkjende kuleinferno, men samtidig byr spela på ulike mekanikkar som reflektorskjold og ein kraftig lynkatana.

Spela tilhøyrer sjangeren som populært berre blir kalla «Bullet Hell». Dette er igjen ein avart av Shmup, som er ei forkorting for Shoot 'em up. Du ser det heile ovanfrå, og styrer eit lite romskip gjennom eit regn av kuler og bomber. Samtidig må du sjølv sende solide mengder eksplosivar og andre livsfarlege prosjektil tilbake til fiendane. Spela har fått svært god mottaking i Shmup-miljøet.

Nyu Media bad ikkje om stort meir enn 5000 dollar for å få lokalisert og lansert trilogien i Europa. Dette målet nådde dei på berre 19 timar. Samlar dei inn meir pengar vil dei lage ei offisiell strategiguide til spelet, noko som sikkert kan kome godt med om du er nybyrjar.

The Tale of Alltynex kjem i sal for Windows i løpet av juni.

Les også: Anmeldelse: Gradius Collection Les også: Anmeldelse: Deathsmiles

Siste fra forsiden