Her er årets Summer of Arcade-spel

Fire ferske spel frontar årets sommarkampanje frå Microsoft.

Kvart år køyrer Microsoft ut ein sommarkampanje der dei promoterer nye spel på Xbox Live Arcade. Kampanjen har det klingande namnet Summer of Arcade, og som alltid er det ein bonus i vente for dei som handlar spel i sommartida.

I år byrjar kampanjen hakket seinare enn vanleg. I føregåande år har Summer of Arcade starta i juni eller juli, medan kampanjen i år ikkje startar før 7. august.

Det første spelet ut er eventyrspelet Brothers: A Tale of Two Sons frå svenske Starbreeze. Det spelet kjem i sal 7. august og vil la deg ta kontroll over to brør samtidig. Dette fungerer ved at kvar analogstikke styrer ein av brørne, og på denne måten må du ta deg fram gjennom ulike terreng, løyse oppgåver, og kommunisere litt med både folk og fe.

Slik går det når musikarar prøvar å vere sosiale.

Frå metal til amfibium

14. august kjem det brutale og sideskrollande actionspelet Charlie Murder frå Ska Studios, gjengen bak The Dishwasher-spela. I Charlie Murder må punkbandet Charlie Murder ta opp kampen mot death metal-bandet Gore Quaffer. Slikt blir det naturlegvis bråk av.

Veka etterpå – 21. august – kjem Ubisoft med ein oppgradert versjon av det klassiske plattformspelet Flashback. Denne versjonen blir utvikla av fleire av dei same utviklarane som stod bak originalen, og vil by på eit nytt ferdigheitssystem samt ei utvida historie.

Heilt til slutt i Summer of Arcade-kampanjen er det tid for litt skjelpaddemoro i actionspelet Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows som lanserast 28. august. Her blir det solide basketak for alle penga i eit spel med hakket meir realistisk og mørk grafikk enn TV-serien det er basert på.

Handlar du to eller fleire av desse spela vil du få ein bonus i form av ein Souls Pack til Ascend: Hand of Kul. Denne pakka gjev deg sjeler du kan handle oppgraderingar med. Interessant nok har ikkje gratisspelet Ascend: Hand of Kul fått nokon lanseringsdato heilt enno, men sidan Microsoft delar ut sjeler til aktive Summer of Arcade-deltakarar, er det eit godt teikn på at ein lanseringsdato ikkje er langt unna.

Les også: Desse nye spela gler vi oss til i juli Les også: Dårleg sommar for Acade

Siste fra forsiden