Her er PlayStations strømmingsteneste

PlayStation Now vil la deg spele gamle spel på nye plattformer.

Tilbake i 2012 kjøpte Sony nettstrømmingstenesta Gaikai. Spekulasjonane har vore mange sidan den tid, men det har herska liten tvil om at det på eit eller anna tidspunkt ville dukke opp ei teneste frå Sony som ville la oss spele spel over nettskya.

På CES-messa i Las Vegas i kveld har Sony-sjef Andrew House på ein pressekonferanse kunngjort nettskytenesta PlayStation Now. Via denne tenesta vil du tilgang på spel frå PlayStation 1-, PlayStation 2- og PlayStation 3-katalogane til Sony.

Spel der du er

Beyond: Two Souls kan spelast over nettskya med PlayStation Now.
Quantic Dream

Du treng ingen PlayStation-konsoll for å få bruke PlayStation Now. Kotaku fortel at PlayStation Now i tillegg til å bli tilgjengeleg på plattformer som PlayStation 3, PlayStation 4 og PS Vita, vil bli tilgjengeleg på BRAVIA TV-ar, samt nettbrett og smarttelefonar. Om du er på jakt etter å spele spel treng du altså ikkje ha ein konsoll for å gjere dette.

I ei pressemelding skildrar Sony eit scenario der spelaren kan setje i gong med å spele eit spel på PlayStation 4-konsollen i stova, pause spelet, halde fram på PlayStation 3-konsollen på soverommet, eller ta spela med seg på farta så lenge han eller ho har tilgang på trådlaust internett.

Sony vil la deg leige individuelle spel, men du kan i staden velje å kjøpe deg eit abbonement på PlayStation Now-tenesta. Om dette abbonementet vil bli inkludert i PlayStation Plus, eller blir eit sjølvstendig produkt har ikkje Sony sagt noko om.

Sony vil gå i gong med ein lukka betatest i statane i slutten av januar, før dei går over til ein open test til sommaren. Spela som er tilgjengelege via strømming på CES-messa er stortitlane The Last of US, Beyond: Two Souls, God of War: Ascension og Puppeteer.

Når tenesta vil dukke opp i Noreg er eit ope spørsmål. Sony har vore forsiktige med å seie noko om når tenesta kan bli tilgjengeleg i Europa, mykje grunna den varierande utbygginga av breiband.

Eiga TV-teneste

Ved sidan av å kunngjere PlayStation Now kunne Andrew House under sin pressekonferanse fortelje at Sony vil utvide Sony Entertainment Network til noko som mest av alt høyrest ut som ein kombinasjon av Netflix og ein TV-opptakar.

Via diverse maskiner som inkluderer alt frå PlayStation-konsollar til mobilar vil du kunne sjå direktesendt TV, samt ei lang liste TV-program og filmar. Tenesta skal testast mot slutten av året i statane, men det er atter ein gong uvisst når og om den kjem til Noreg.

Siste fra forsiden