Heroes of Might & Magic III får HD-utgåve

Eit av tidenes mest respekterte strategispel får ny versjon neste år.

Heroes of Might & Magic har i ei årrekke vore ein hjørnestein for folk som elskar taktiske spel med turbaserte kampar. Det første spelet i serien blei lansert i 1995, men det er spesielt Heroes of Might & Magic III frå 1999 som haustar lovord som det beste i serien.

Nettopp dette spelet har Ubisoft no bestemt seg for å pusse opp, og lansere på ny. I ei fersk pressemelding fortel Ubisoft at dei har hyra inn den erfarne restaureringsgjengen hos DotEmu for å friske opp den gamle grafikken for ein ny generasjon.

Heroes of Might & Magic III – HD Edition.
Heroes of Might & Magic III – HD Edition.

Dette vil ikkje bli eit nytt spel på nokon måte. I staden har utviklarane valt å teikne over den gamle grafikken for å gjere det heile skarpare og penare i høgare oppløysing, utan å endre den visuelle stilen i stor grad.

I tillegg til den nye PC-versjonen av spelet vil Heroes of Might & Magic III – HD Edition bli tilgjengeleg på Android- og iOS-nettbrett. Ved sidan av å kunne bygge eigne kart på PC, og spele aleine eller saman med andre via hotseat, vil spelet støtte Steam-lobbyar.

Tilbake til røtene

Heroes III har fått eit ansiktsløft.
Heroes III har fått eit ansiktsløft.

Sjølv om Ubisoft no verkeleg vil ta oss med tilbake i tid for å erfare eit av dei beste spela i katalogen deira, vil dei likevel ta Heroes of Might & Magic-serien vidare. For nokre år sidan omdøypte dei serien til Might & Magic Heroes, og det neste spelet i serien kjem til sommaren. Vi tok ein kikk på Might & Magic Heroes VII tidlegare i år, og vi likte det vi såg:

«Det vesle glimtet vi fekk av Heroes VII var svært oppløftande. Det verker som om utviklarane ynskjer å ta spelet tilbake til røtene og latar til å høyre på dei tilbakemeldingane som fansen har kome med. Å få byane dine ordentleg vist fram i vakre teikningar, saman med ein betre progresjonsmodell for heltane er to vitale endringar som nok vil få mange fans til å glede seg.»

Om du treng eit grunnkurs i Heroes of Might & Magic III før det blir lansert på ny i januar, bør du ta ein kikk på vårt tilbakeblikk for nokre år sidan. Om du vil ha eit lite innblikk i korleis den nye grafikken blir til, kan du ta ein kikk på videoen nedanfor.

Kommentarer (35)

Forsiden akkurat nå

Til toppen