Sniktitt

Heroes of Might and Magic V: Tribes of the East

Det femte spelet i Heroes-serien er snart tilbake med ei frittståande ekspansjonspakke.

Når du lagar eit nytt spel i ein etablert og folkekjær serie, står du alltid ovanfor ein enorm risiko. Sjansen er stor for at uansett kva du gjer, og uansett kor bra du gjer det, er det visse folk som aldri blir fornøgde. Noko av det meste risikable du kan gjere, er å fjerne populære ting. Heroes of Might and Magic V var ikkje noko unntak.

Sjølv om det var eit solid spel i serien, var det ting som «mangla». Ein av desse tinga var Stronghold-fraksjonen – ein barbarisk rase med alt frå orkar til enorme kyklopsar.

I Tribes of the East, ei kommande, frittståande ekspansjonspakke til Heroes of Might and Magic V, blir vi igjen introdusert for desse barbarane, med mange nye og artige funksjonar. Utviklarane hos Nival har først og fremst basert fraksjonen på korleis Stronghold var i Heroes of Might and Magic III. Samtidig har dei inkludert ting frå fjorårets Dark Messiah of Might & Magic. Blant anna ser det ut til at den trege men kraftige Behemothen har blitt bytta ut med den flygande Pao Kaien frå Dark Messiah. Utover dette finn vi kjende rasar som goblins, orkar, troll og kentaurar.

Som med alle rasane i Heroes V er Stronghold lett å plukke opp og kome i gong med. Med tanke på at orkane blei skapt ved hjelp av magi, for å fungere som slavar for menneska, er det to ting som er viktige ved dei. Først av alt hatar dei magi, du kan altså gløyme å bruke lyn og tore med denne fraksjonen. Det andre som er viktig å få med seg er at dette er ein krigersk rase som kun fokuserer på rå makt. I staden for å vente, tenkje strategisk, og la fienden kome til seg, stormar dei fram. Den viktigaste funksjonen du har som Stronghold er reint og skjært raseri. Kvar gong nokon av Stronghold-einingane dine angrip ein fiende byggjer dei opp raseriet sitt. Når du når eit nytt «raserinivå» vil du få bonusar på styrke og forsvar. Med andre ord blir du sterkare jo meir du angrip.

Venting er for pyser

Eit viktig strategisk element for mange Heroes-spelarar er å avvente når ein brukar soldatane sine. Gjerne set ein fotsoldatar i forsvar medan bogeskytarane plukkar ned det dei kan. Med Stronghold er dette ein dårleg idè. Om du ventar eller forsvarar vil raseriet gå ned, og du står i fare for å miste dei bonusane du har bygd opp.

Sjølv om heltane i Stronghold ikkje brukar magi, har dei forskjellege andre ting dei kan gjere for å skape trøbbel. Først og fremst kan dei brøle for å auke moral og raseri, men dei har andre funksjonar òg. Sidan dei har eit oppbygd hat mot magi, har Stronghold evna til å knuse magien til andre heltar. Når du går opp i erfaringsnivå vil du kunne velje «Shatter Magic», og du kan velje kva type magi du vil spesialisere deg i å knuse. Om du vil kan du velje alle former, men om du spelar mot ein fiende som er god i mørk magi, er det like greitt å berre velje «Shatter Dark Magic».

I koden vi har fått prøve, hadde vi kun tilgang på dei forskjellege krigaranes basisformer. Difor er det vanskeleg å sei noko om soldatanes oppgraderte former. Det som er kjent er at kvar eining vil ha til saman tre former. Det vil sei at der du før kunne oppgradere krigarane dine ein gong, kan du no velje mellom to oppgraderingar. Dette vil i følgje Ubisoft gi deg 170 forskjellege einingar å kjempe med. Nok av rom for eigne strategiar med andre ord.

Av dei einingane testkoden lot oss prøve, fann vi kun ei oppgradering, og denne var for goblinane. Oppgraderinga deira let goblinane setje feller rundt omkring på kartet. Dette er spesielt effektivt mot til dømes riddarane til Haven (eller menneska på godt norsk). Desse har eit «charge»-angrep der dei stormar til angrep og får bonus på angrepet av å ri eit stykke. Ved å setje ei felle i vegen for dei, blir ikkje berre angrepet stoppa, men dei mistar turen sin òg. Dette gir deg sjølvsagt ein gyllen sjanse til å springe inn for å angripe.

Dessverre fekk vi ikkje byggje opp ein by i testkoden, men vi fekk ta ein kikk på dei forskjellege einingane, og korleis dei ser ut. Ubisoft og utviklarane hos Nival har gått for ein veldig primal stil, og dette fungerer svært bra i å få fram den brutale naturen til orkar og troll.

Konklusjon

Les også
Juiced 2: Hot Import Nights

Heroes-serien får både ris og ros for kvar utgåve, noko ein ikkje kan kome utanom med ein så hardbarka fanskare som serien har bygd opp. Om du er blant dei mange som set pris på den femte utgåve i serien, kjem du garantert til å finne mykje moro i denne frittståande ekspansjonspakka òg. Orkane er endeleg tilbake, og dei er like brutale og slagkraftige som ein ynskjer dei skal vere. Å bruke raseri som ei form for magi er ein veldig interessant vri, og det blir spanande å sjå korleis det utviklar seg i det fulle spelet.

Heroes of Might and Magic V: Tribes of the East kjem i sal 20. september, og vi ser fram til mange timar med strategisk moro.

Siste fra forsiden