Hitman-trekløver i HD?

Om du ikkje fekk nok snikmord i haust blir vinteren raud.

Det kan sjå ut til at dress og slips er i vinden for tida. IO Interactive lanserte nyleg det så langt siste leddet i Hitman-sagaen, men det er så visst ikkje noko poeng i å ta det med ro av den grunn. Ein brukar på NeoGAF-forumet har nemleg kome over samlepakka Hitman Trilogy HD på Amazon.com.

Denne pakka vil som namnet seier innehalde tre av spela i Hitman-serien. Desse spela er Hitman 2: Silent Assassin, Hitman: Contracts, og Hitman: Blood Money. Det aller første spelet i serien – Hitman: Codename 47 – ser derimot ikkje ut til å følgje med. At Blood Money dukkar opp i ei HD-pakke er samtidig kanskje litt snodig sidan dette allereie var i HD då det første gong dukka opp på Xbox 360 i 2006.

I følgje Amazon vil samlepakka bli tilgjengeleg for Xbox 360 og PlayStation 3 29. januar, noko som gjer dette til første gong Hitman: Blood Money er tilgjengeleg på PlayStation 3. Sidan dette er den amerikanske varianten av Amazon er det likevel ikkje godt å seie når – og om – vi får glede oss over dei tidlegare Hitman-spela i høgre oppløysing på vår kant av verda.

Medan vi ventar i spaning på å få spele Hitman-klassikarane i HD, kan du ta ein kikk på Hitman: Absolution som fekk ein solid sjuar av oss, sjølv om det hadde sine problem:

«Hitman: Absolution lev i ein bølgjedal. Det har dramatiske høgder og stygge avgrunnar. Nokre gongar er det frykteleg frustrerande, andre gongar skrik ein ut i glede over å ha fått til noko fantastisk. Spelet er på sitt aller beste når du klarar å snike deg rundt alle fiendar usett, medan du metodisk legg ned livsfarlege feller for måla dine. Det er frykteleg lite som slår den herlege kjensla av å fått til noko på best mogleg måte.»

Les også: Spel i skya med Square Enix Les også: Ny Hitman-kontrovers

Siste fra forsiden