Hobbiten kjem i LEGO-drakt

Spel deg gjennom to klossete filmar.

Ein ny stor kassasuksess på kino betyr som regel eit nytt LEGO-spel. Etter å ha gjort stor suksess med LEGO-versjonar av alt frå Batman og Marvel-heltane, til Star Wars og Ringenes Herre, er det no på tide med atter eit nytt LEGO-spel. Denne gong er det ikkje uventa Hobbiten som skal til pers. Det skriv Warner Bros. i ei pressemelding i dag.

Spelet som enkelt og greitt har fått namnet LEGO The Hobbit, blir basert på dei to første filmane i Peter Jacksons Hobbiten-trilogi. Med mindre spelet blir ein fiasko kan vi heilt sikkert sjå fram til ei LEGO-avslutning etter at film nummer tre har hatt premiere neste år. LEGO The Hobbit blir lansert på Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4, PlayStation 3, PS Vita, Wii U, samt Windows og Mac til våren.

Solid persongalleri

Trøbbel med troll i LEGO The Hobbit.
Trøbbel med troll i LEGO The Hobbit.

I spelet møter vi Bilbo, Gandalf, samt alle dei tretten dvergane vi kjenner frå boka og filmane. Kvar dverg vil ha sine eigne spesielle eigenskapar, der Warner Bros. trekk fram Bombur som eit godt døme; i farlege situasjonar kan magen hans brukast som trampoline for å kome seg i tryggleik.

I løpet av spelet lovar Warner Bros. at vi vil få vitje mange viktige område frå eventyret til Bilbo. I tillegg til dette vil du kunne grave etter edle steinar, skape magiske gjenstandar, samt byggje massive strukturar, utan at pressemeldinga går meir i detalj på korleis det vil fungere.

Det førre LEGO-spelet som leika seg i Tolkiens univers var LEGO The Lord of the Rings frå i fjor. Det spelet fekk god mottaking hos oss. Vi meinte det var det beste LEGO-spelet frå TT Games så langt, sjølv om konseptet etter kvart framstår noko utdatert.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen