Hotline Miami 2: Wrong Number har fått dato

Drapsorgie gjer seg klar til å øydeleggje sarte sinn.

Oppfølgjaren til det uhyre valdelege spelet Hotline Miami skulle etter planen lanserast i 2013, omlag eit år etter det første spelet tok ei lite førebudd verd med storm. Slik gjekk det ikkje, og det er først no Hotline Miami 2: Wrong Number hatt få fastspikra ein lanseringsdato.

I ei pressemelding onsdag fortel utgjevaren Devolver Digital at Hotline Miami 2: Wrong Number vil lanserast 10. mars. Spelet blir tilgjengeleg på ei rekke plattformer, og om du har enten Windows, Linux, Mac, PlayStation 4, PlayStation 3 eller PlayStation Vita kan du slå kloa i spelet.

Hotline Miami 2: Wrong Number held fram der det første spelet slutta. Det blir likevel nokre endringar, og du vil få spele som fleire ulike personar som fortel historia frå ei rekke ulike synsvinklar. Vi blir i tillegg lova langt meir variasjon enn vi fekk i det første spelet.

Mannevondt maskeradeball

Meir blod og gørre i Hotline Miami 2: Wrong Number.
Meir blod og gørre i Hotline Miami 2: Wrong Number. Bilde: Devolver Digital

Hotline Miami blei raskt eit populært spel. Det var politisk ukorrekt til fingertuppane, og den blodige spelestilen og den neonfarga 80-talsinnpakninga, inkludert eit svært solid lydspor, huka mange spelarar. Vår mann var derimot ikkje heilt imponert over spelet då han testa det på PlayStation Vita:

«Det er ikkje sjeldan at Hotline Miami endrar på sine eigne spelereglar femti forsøk ut i eit nivå, og etter femti dødsfall brukt til å finne ei løysing som kanskje fungerer blir det fort frustrerande og monotont. Då freistar det istaden å ta med seg ei pumpehagle og håpe at du er raskare på avtrekkaren enn førti tilbakeståande russarar. Med Vita-konsollens noko mangefulle analogspakar er ikkje dette særleg morosamt. Og nei, det blir ikkje meir moro jo lenger ein held på.»

Hotline Miami-utviklarane ser ikkje ut til å la seg plage stort av piratkopiering. Då spelarar som hadde lasta ned spelet utan å betale sleit med å få ting til å fungere, hjalp utviklarane like godt til med å finne ei løysing.

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen